Nokre fantastiske dagar

Eg har vore i Skottland, saman med Amund, Henrik, Bente, Mathias, Ørjan og Sandra. Det har vore ein frykteleg ven tur, og eg har verkeleg storkosa meg.

Vi reiste frå Halden fredag 29. september, tidleg på morgonen. Vi tok turen til Gøteborg City Airport, og flaug til Glasgow med Ryanair. Herifrå tok vi toget til Edinburgh, kvar vi heldt til, på det overraskande flotte hostellet Globetrotter Inns.

Fram til onsdag opplevde vi livet i Edinburgh både på dag- og nattetid. Vi vitja Edinburgh Castle, og vi reiste til Stirling, for å sjå på The William Wallace Monument. Vi har nytt livet, brukt alt for mykje pengar, drukke skotsk øl, prata mykje engelsk, sett mykje landskap og spennande arkitektur. Det har rett og slett vore frykteleg triveleg.

Eg har teke fotos på turen. Sjå bileta her.

Lyd:

Skrive av Ronny, 08.10.2006, 20:13
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: