Arkiv for 11, 2006
Årets første julestemning
Det er kanskje litt patetisk, men ei fjernsynsreklame ga meg årets første, gode, lune julefølelse her om dagen…
Les meir
Lyd: Thomas Dybdahl - Dice
Skrive av admin, 29.11.2006, 02:37 - 7 kommentarar »
Perfekt musikk for haustmørkret
Det er haust. Det er kaldt, mørkt, og tidvis frykteleg vått. Eg vil tørje å påstå at god musikk er ein av dei største motivatorane for å smile og vere glad, sjølv om ein eigentleg berre har lyst til å leggje seg under dyna, og bli der.
Her er musikk som engasjerer meg for tida:
Damien Rice – 9
For et nydeleg album. Damien Rice har klart å skape like nydeleg og engasjerande musikk på denne plata, som på si førre plate, “0″. Det er så nydeleg, så nydeleg. Og det kler haustmørkret utmerka. Eit perfekt eksempel på kor god denne plata er, er førstesporet “9 crimes”.
The Killers – Sam’s Town
Ah. The Killers lagar deilig, energisk musikk. Det er rett og slett praktfult og nydeleg. Eit godt førstespor å sjekke ut: When You Were Young.
The Kooks – Ooh La
Nok ei gruppe frå England, som fengjer meg. Eg skal sjekke ut plata snart, men førebels har eg berre vorte heilt opphengt i Ooh La. Kanonlåt!
Josh Rouse – Bedroom Classics vol. 2
Ein EP frå sjølvaste Josh’en, som eg oppdaga for litt sidan. Å herregud så nydeleg den er. Eg har handla den på nettet, og brent den ut på fysisk cd-plate, slik at eg kan spele den i stereoanlegget på soverommet når eg legg meg.
Les meir
Lyd: The Kooks - Ooh La
Skrive av admin, 27.11.2006, 01:15 - 3 kommentarar »
Litt komisk…
Eg var, truleg i likheit med resten av befolkninga i dette langstrakte landet, ute i går. Vi hadde vorspiel hos meg, og eg knipsa nokre trivelege stemningsbilete undervegs. Det var no, medan eg såg gjennom bileta at eg fekk meg ein liten latter…
Les meir
Lyd:
Skrive av admin, 26.11.2006, 16:59 - 9 kommentarar »
Livet mitt, sånn nett no
Lenge sidan sist, kva?
Eg har hatt slik skrivekløe den siste tida, at eg no rett og slett har oppretta meg ein ny blogg. Vi har hatt prosjekt i faget “Webprogrammering m/PHP”, så denne bloggen har eg rett og slett laga heilt sjølv, frå botnen av, i PHP og MYSQL, dersom du har interesse av å vete slikt.
Men, koding av blogg er ikkje det einaste eg syslar med for tida…
Les meir
Lyd:
Skrive av admin, 25.11.2006, 05:46 - 2 kommentarar »
Ny blogg!
Hohei! Eg har fått meg ny blogg. Laga den heilt sjølv og greier.
Les meir
Lyd:
Skrive av admin, 25.11.2006, 03:45 - 9 kommentarar »

Ferske meiningar: