Arkiv for 12, 2006
Slik fin ei julaft!
Eg er no i besittelse av 1,2 kg marsipangris frå Nidar.
(Nei, det er ikkje eit kodeord for eittelleranna motedop. Det ER faktisk 1,2 kg marsipangris frå godteprodusenten Nidar. Du veit, dei har jo den feiande flotte reklamefilmen, med “Driving Home for Christmas” og greier.)
Eg er òg innehavar av mykje nytt innhald i form av dvd- og cd-plater. Og så har eg fått oppgradert sokkeskuffa mi. Og så har eg fått pengar.
Eg er nøgd.
Fekk du noko pent?
Les meir
Lyd: Rockettothesky - Barrie For Billy Mackenzie
Skrive av admin, 25.12.2006, 02:01 - 14 kommentarar »
Åt julegraut for tidleg

Ein Sunnfjording i 20-åra vedgår i dag å ha ete julegraut allereie på vesle julafta.
- Det var frykteleg godt, seier 20-åringen frå Førde i ein kommentar.
Vidare innrøymer grautetaren at han òg spelte god julemusikk medan han fortærte grautmåltidet.
Les meir
Lyd: Mew - She Came Home For Christmas
Skrive av admin, 23.12.2006, 17:27 - 4 kommentarar »
Julemimrings

Jula ligg der, like om hjørnet, og i dag leita eg fram dei gamle julevideoane vi laga på vidaregåande. Kvart år avslutta vi med å på kort tid produsere ein musikkvideo til juleavslutning, og det er alltid like triveleg å finne fram desse rett før jul. Det er så mykje gode minner, god stemning og ein anelse latter i desse.
Les meir
Lyd: The Killers - A Great Big Sled
Skrive av admin, 22.12.2006, 03:29 - 2 kommentarar »
AJM DRAJVING HÅOM FÅR KRISTMÆS!

Han godaste Chris Rea seier det så bra. “I’m driving home for christmas. Oh, I can’t wait to see those faces. (…) And it’s been so long, but I will be there”.
Hadde der berre vore moglegheitar for lyd, av noko slag, i bilen vi køyrde heim med, kunne vi faktisk spelt denne songen…
Les meir
Lyd: Susanne Sundfør - Walls
Skrive av admin, 18.12.2006, 02:25 - 3 kommentarar »
“Oss Bjørnar Imellom”

Eg er ferdig med haustens medieproduksjon. Ein stor lettelse, gitt.
Resultatet er filmen “Oss Bjørnar Imellom”.
Les meir
Lyd: Maximo Park - Postcard of a painting
Skrive av admin, 12.12.2006, 08:57 - 3 kommentarar »
Eksamenskaos
Her går det over stokk og stein gitt. Eg har overstått 1 av 4 eksamenar, nemleg PHP. No jobbar eg for harde livet med oppgåva mi i Multimediaproduksjon1. “Oss Bjørnar Imellom”. Den skal leverast på mandag, og her er mildt sagt, litt igjen å gjere.
Les meir
Lyd: Eberg - Inside Your Head
Skrive av admin, 10.12.2006, 01:44 - Kommentèr »
Ønskjelista mi
Dagane går fort, og det nærmar seg jul. Det er på tide å skrive ønskjeliste.
Les meir
Lyd: Ryan Adams - Anybody Wanna Take Me Home
Skrive av admin, 04.12.2006, 02:31 - 7 kommentarar »


Ferske meiningar: