Arkiv for 01, 2007
Hello Piccadilly Circus!

I dag vitja eg Picadilly Circus. Der var mykje menneske, som tok bilete av kvarandre framføre ting dei tidlegare berre har sett på fjernsynet. Eit godt eksempel på eit slikt bilete ser du over her.
Les meir
Lyd: The Feeling - Rosè
Skrive av admin, 31.01.2007, 20:35 - 6 kommentarar »
Call me !!

Hallao! Do I look fresh or cool or just najs? How baout givvin me a call?? Hæhæ. Call me no lizzom, only a few kroners per minute from Norway, bøt if ju like me its kinda notting to vørri abaout.
My hobbies are for eksample flowers and disqotekdansing. Call now!!! I like to talk with ju. I promise.
…. Jah… Nytt UK-telefonnummer: +44 788 1925 387
Dersom du ikkje har + på telefonapparaturen, kan du skrive 0044 i staden.
Les meir
Lyd: Damien Rice - Coconut Skins
Skrive av admin, 31.01.2007, 01:11 - 2 kommentarar »
Utsikta frå rommet mitt
Anne ba meg leggje ut eit bilete, der eg viser utsikta frå vindauget imtt…
Les meir
Lyd: The Killers - The River Is Wild
Skrive av admin, 30.01.2007, 21:04 - 5 kommentarar »
Folk les på tuben, og ambassaden har dårleg service

I dag har eg sett folk lese bøker, ståande, utan å halde seg fast, i eit stappfult t-banetog. Eg er lettare imponert, og sjokkert. Eg har òg oppdaga at den norske ambassaden her i London har frykteleg dårlege åpningstider. Og Harrods har kosebamsar som er større enn meg.
Les meir
Lyd: Peter, Bjorn & John - Young Folks
Skrive av admin, 29.01.2007, 23:38 - Kommentèr »
Eg er framleis ein turist i storbyen

Eg er her på andre døgret, og slit framleis med å venne meg til at eg skal vakne på det same, lille rommet kvar einaste dag fram til juni. Men, eg trur eg likar det heile særs godt. London er spennande!
Les meir
Lyd: Rockettothesky - A Flock of Chestshire Cats
Skrive av admin, 29.01.2007, 02:07 - 5 kommentarar »
Nokre fotos frå første kvelden

På dette biletet prøvar Amund Lindqvist og Erik “Trøkk” Nøkleby å flytte bordet i stova, slik at det best mogleg fungerar som eit spisebord, for flest mogleg.
Ta del i middagsproduksjon, i 20 Alfoxton Avenue, London.
Les meir
Lyd: The Shins - Australia
Skrive av admin, 27.01.2007, 22:50 - 5 kommentarar »
Eg har teke steget ut i verda

Etter jobb i går, sette eg meg på flyet til Oslo. Stikkord for turen: Turbulens, dottar i øyra, og bombetrussel på Gardermoen. Så tok eg turen til Ørjan, Tommy og JanO. Der sov eg nokre få timar på sofaen, før eg heiv meg rundt, reiste tilbake til Gardermoen, og oppdaga at køa var sjukt lang. Så fekk vi gå først i køa for å rekkje flyet, og så rakk vi flyet. Og no, nokre timar, sit eg i min nye bustad. Eit hus, i London.
Les meir
Lyd: Ida Maria - Oh My God
Skrive av admin, 27.01.2007, 18:26 - Kommentèr »
Ei fantastisk konsertoppleving

I går var eg på konsert, med sjølvaste Magnet. Han hadde med seg kringkastingsorkesteret, og det, tykkjer eg, var intet dårleg val av backingband.
Les meir
Lyd: Magnet - The Day We Left Town
Skrive av admin, 19.01.2007, 19:54 - 3 kommentarar »
Hektisk januar
Det går litt fort i svingane for tida. Eg vikarierar for tida på NRK Sogn og Fjordane. Det skal eg gjere fram til 26. januar, for då tek eg turen over havet, til London.
Les meir
Lyd: Architecture in Helsinki - Wishbone
Skrive av admin, 15.01.2007, 01:32 - Kommentèr »
Det måtte jo gå åt skogen

For somme vil det kanskje verke tåpeleg og lettare trist, at eg bevilgar nokre minutt til å skrive om dette. Men, les vidare, så forstår du kjapt kvifor det er ei skam at fjernsynsserien The O.C. vert teken av lufta.
Les meir
Lyd: Tally Hall - Smile Like You Mean It
Skrive av admin, 05.01.2007, 04:48 - 3 kommentarar »

Ferske meiningar: