Den beste musikken – 2006

Godt nyttår du! Eg håpar det blir eit fantastisk eitt. Og, før vi set heilt igong med det nye, skal eg oppsummere det gamle. Kva songar og album kjem til å stå att hos meg, etter endt år?
Sidan første januar 2006 har eg lagt til 1716 songar i mitt iTunes-bibliotek. Ikkje alle er utgjevne i år, men eg tek utgangspunkt i dei som er det.
Dei beste songane, etter mi meining, i 2006:
01: Elvira Nikolaisen – Love I Can’t Defend
Songen byrja riktignok å surre på radioen rundt juletider 2005. Likevel var den ikkje mogleg å få tak i før rett over nyttår. Nydeleg song, som eg endå ikkje er lei av i det heile.
02: The Killers – When You Were Young
Definitivt mest spelt i min iTunes, sjølv om den dukka opp først i byrjinga av September. Kanskje den beste frå The Killers, ever? Eg skal ikkje seie det for sikkert, men eg veit at den var litt vanskelegare å like enn dei føregåande singlane deira, og at den no har vokst noke enormt hos meg, og at den i tillegg til å vere nydeleg, no dreg med seg mykje gode haustminner.
03: Band of Horses – The Funeral
Eg hugsar at Leif ba meg sjekke ut denne rett før sommaren. Den er nydeleg, og det er resten av albumet òg. Trass det faktum at den er noko dyster, står den att hos meg, som ein skikkeleg sommarklassikar.
04: Arctic Monkeys – I Bet You Look Good On The Dancefloor
Eg hugsar endå den vinterdagen eg stod på busshaldeplassen i Halden. Det var iskaldt, og eg var for seint ute til bussen. Så, då stod eg der. Mutters åleine i snøkaoset. Eg og iPoden. Og sjølv om eg stod der i 30 minutt, og venta på neste buss, hadde eg det triveleg. For eg høyrde på Arctic Monkeys-plata. Og den var grisetøff.
05: Heroes & Zeros – Circles
Dei overraska stort, då dei spelte i Halden i forbindelse med Zoom/Urørt-turnèen. Eg vart frelst, og EP’en deira er genial. Circles er ein sikker festvinnar!
06: Shaun Bartlett – Bahrain
Denne songen minnar meg om den trivelege sommaren i NRK Sogn og Fjordane, og er eit typisk eksempel på musikk eg truleg ikkje hadde oppdaga om eg ikkje hadde jobba der. Playlista på P1, ikkje på P3. Nydeleg låt!
07: Marit Larsen – Under The Surface
I motsetning til Marion Raven, som har mista bakkekontakten, og tek opp att vidaregåande, har nydelege Marit Larsen laga eit fantastisk album. Tittellåta, “Under The Surface” gjorde sommaren min. Herregud, for eit vakkert stykke musikk.
08: The Decemberists – Yankee Bayonet
Fengande, herleg, nydeleg og flott frå The Decemberists. Eg har høyrd mykje på denne, sånn utpå seinhausten.
09: Eberg – Inside Your Head
Vakker elektronika, som eg først oppdaga i The O.C. Verkeleg kjenslefull.
10: Minor Majority – Keep Coming Around
Eg kjøpte den nye plata deira på ei høgt overprisa musikksjappe i Molde. Eg fekk lagt den inn på macen min, og over på iPoden. Nokre dagar seinare skulle eg ta toget frå Trondheim, via Oslo, til Halden. Det var stappfult på toget, eg var heldig, som fekk ein sitjeplass. Det var kaos og mas. Eg var dritlei og irritert, men då denne songen dukka opp på iPoden min, senka freden seg. Garantert den beste songen frå Minor Majority sitt “Reasons To Hang Around”.
ÅRETS BESTE ALBUM
Eg har ikkje heilt klart å velgje.
Thomas Dybdahl har ikkje funne opp kruttet med sitt nye album, “Science”. Men, han har laga eit, om mogleg, endå betre album, enn dei tre føregåande.
Til bursdagen fekk eg Thom Yorke sitt The Eraser. Yorke er nok best kjend som vokalist i Radiohead. Han klarar seg godt utan resten av gjengen, for å seie det slik. Nydeleg lytteopplevelse, og ei plate eg berre vert meir og meir glad i.
Eg vil tørje å påstå at eg står att med desse to, som mine favorittalbum frå 2006.
Andre som eg meiner bemerka seg:
Arctic Monkeys – Whatever People Say I Am, That’s What I Am Not
Band of Horses – Everything All The Time
The Killers – Sam’s Town
Minor Majority – Reasons To Hang Around
Razorlight – Razorlight
Kva meiner du? Einig? Ueinig? Kom med innspel, då vel.
Godt nytt år!
Skrive av Ronny, 03.01.2007, 03:56
Innlegget omhandlar i hovudsak: 2006, best-of, musikk, oppsummering
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
7 kommentarar til “Den beste musikken – 2006”
|
|
Lindi,
03.01.2007, 23:24 For en bra liste med sanger og album! :D Noen av dem var nye for meg (takk for tipsene!), mens andre er også noen av mine favoritter! :) |
|
|
Sjur,
04.01.2007, 00:07 Kjære Ronny, journalist-Ronny. Slå “Skreve” opp i ordboka di. Finn du det under “skrive”? Neppe. :) |
|
|
Ronny,
04.01.2007, 03:47 Lindi: Takk for listeskryt. Sjekk ut dei du ikkje har høyrd! Men, eg må jo nesten endre på dette… |
|
|
|
|
|
|
Kjetil,
11.01.2007, 20:18 Jeg synes du farer med harelabb over progscenen – et uforglemmelig album i så henseende er Dream Theaters trippelskive Score – et livealbum hvor de angivelig beste låtene akkompagneres av bandet og et fullt symfoniorkester. |
|
|
Mr. Re-P-ta,
11.01.2007, 20:19 Seriøst, det er noe trøbbel med Firefox på Mac og bloggen din Roni, ekke så smooth at det bare går uten problem, for å si det sånn. Bra ellers da. Jajamensann. |

Ferske meiningar: