Det måtte jo gå åt skogen


For somme vil det kanskje verke tåpeleg og lettare trist, at eg bevilgar nokre minutt til å skrive om dette. Men, les vidare, så forstår du kjapt kvifor det er ei skam at fjernsynsserien The O.C. vert teken av lufta.

fThe O.C. er for tida inne i sin fjerde sesong. Serien har siden midten av førre sesong slete med dårlege sjåartal, og då det amerikanske fjernsynsnettverket FOX berre tinga 16 episodar til den fjerde sesongen, i staden for nokre-og-tjue, som er vanleg, kunne man ane konturane av eit synkande skip.

Det tristaste her, er at serien for tida er på oppadgåande. Ein slags ny giv. Etter ein tredjesesong av varierande kvalitet, presterer serien no, i fjerde sesongen å vere på sitt beste, reint historiemessig.

The O.C. har ikkje berre ein spennande og engasjerande story. Serien er godt teknisk gjennomført, har god humor. Og god musikk. Og det er akkurat musikken serien kanskje er best kjend for.
Eg siterar VG Nett: “«The O.C.» åpnet også amerikanernes øyne for en god del indie-musikk, som ble brukt i seriens soundtrack. ”
Eg siterar Dagbladet: “«The O.C.»-skaperne har gitt flere ukjente indieband sjansen til å bli spilt i serien, og «The O.C.» har av enkelte – riktig eller uriktig – fått noe av æren for gjennombruddet til band som The Killers. ”

Eg kan med handa på hjartet seie at The O.C. har vore kjelda til mykje fantastisk musikk hos meg. Det var i denne serien eg oppdaga Death Cab For Cutie, i form av å vere favorittbandet til ein av hovudpersonane. Dei har òg spelt “live” i serien. Det same har The Killers. Det var i første episoden eg fekk gåsehud til Joseph Arthur sin nydelege “Honey and the Moon”. Det var i denne serien eg første gong fekk høyre Imogen Heap, og det var i The O.C. dei spelte Coldplay sin fantastiske Fix You over ein månad før albumet X&Y kom ut. Det var i denne serien eg for alvor oppdaga fantastiske Sufjan Stevens. For nokre episodar var islandske Eberg med i serien, med songen Inside Your Head. Det var siste episoden av sesong 1, som fekk meg til å felle ei tåre til Jeff Buckley si tolking av Hallelujah”, før dei nye gitarkameratane valdtok songen, og øydela den totalt. Det var her eg for første gong høyrde Ryan Adams si tolking av Oasis-låta Wonderwall.

Det er i The O.C. at norske Magnet, ein av mine favorittartistar, har bidrege to gonger. Norske Flunk har vore med i sesong 2, episode 9 og 18, samt som bakgrunnsmusikk på serien si heimeside over ei god periode. Kings of Convenience har òg vore med i serien. Røyksopp òg.

Eg kunne heldt på over fleire A4-sider, med å ramse opp namn på gode band og artistar eg har oppdaga i The O.C. Vil du sjå full oversikt, kan du gå til http://www.musicfromtheoc.com/.

Ein av mine absolutte fjernsynsfavorittar legg altså inn årene. Føsjåfy.

Har du ikkje sett The O.C. endå? DVD-boksane av sesong 1,2 og 3 er å anbefale. Du kjem til å elske det.

Lyd: Tally Hall - Smile Like You Mean It

Skrive av Ronny, 05.01.2007, 04:48
Innlegget omhandlar i hovudsak: ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “Det måtte jo gå åt skogen”

Henrik, 05.01.2007, 16:53

Penga rår! Og det er vel den eneste grunnen til at denne serien blir ofra.. Du sier at den har en oppadgående kurve… Kanskje ikke seeremessig, og selv om den har det også, så er nok den for liten til at FOX bryr seg… Desverre, for jeg er helt enig med deg… Jeg har ikke fulgt med på denne serien, men forstår frustrasjonen… Everwood er en serie jeg har følt det samme med… Stoppa etter fire sesonger den også… Fox det også… Det verste er allikevel, at det i det tilfelle ikke handla om at Fox ikke tjente penger på serien… Men de følte at de ikke tjente NOK penger… Vil ikke forundre meg at det er slik når det gjelder O.C. også.. Tragisk!

Lindi, 06.01.2007, 17:13

Hmm, The O.C. har jeg faktisk aldri sett på.. Har kanskje gått glipp av noe der ja..

May, 15.01.2007, 15:10

Good design!
[url=http://hvmalxiz.com/lcak/odsv.html]My homepage[/url] | [url=http://pxgsyvbr.com/kikr/sixg.html]Cool site[/url]

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: