Eg har teke steget ut i verda

Etter jobb i går, sette eg meg på flyet til Oslo. Stikkord for turen: Turbulens, dottar i øyra, og bombetrussel på Gardermoen. Så tok eg turen til Ørjan, Tommy og JanO. Der sov eg nokre få timar på sofaen, før eg heiv meg rundt, reiste tilbake til Gardermoen, og oppdaga at køa var sjukt lang. Så fekk vi gå først i køa for å rekkje flyet, og så rakk vi flyet. Og no, nokre timar, sit eg i min nye bustad. Eit hus, i London.

Noko av det første eg la merke til, var denne plakaten på undergrunnsbana på veg til huset vårt. Artig.

Her ser du eit bilete av Kathrine, og Christine, som først og fremst var litt reduserte etter gårsdagens aktivitetar. Men, dei var òg i frykteleg godt humør. Triveleg, triveleg.

Eg skal ta fleire bilete, og vise deg, kjære du, meir av huset eg bur i. Førsteintrykket er som følgjer:
- Veldig bra baderom i førehald til forventningane.
- Eksotisk med gamalt appelsinskal under senga.
- Godt brød i UK.
- Ein triveleg gjeng eg bur med.
- Vanskeleg å stille forholdet mellom varmt og kaldt vatn.
- Spennande nærområde
- Sofaen nærast døra mot gangen, i stova, er best å sitje i.

Skrive av Ronny, 27.01.2007, 18:26
Innlegget omhandlar i hovudsak: 20 Alfoxton, intrykk, London
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback

Ferske meiningar: