Ei fantastisk konsertoppleving

I går var eg på konsert, med sjølvaste Magnet. Han hadde med seg kringkastingsorkesteret, og det, tykkjer eg, var intet dårleg val av backingband.
Det heile varte i kring ein og ein halv time, og variasjonen mellom gamalt og nytt materiale var nær perfekt. Dei fleste av songane til Magneten var nydeleg arrangerte av Kringkastingsorkesteret, (frå no av kalla “KORK”) av høgdepunkt kan “Last Day Of Summer”, “The Day We Left Town” og den nye radiosingelen “Lonely No More” nemnast.
Det heile var frykteleg strålande, rett og slett. Gåsehuda var sterkt tilstadeværande, og håra på armane mine reiste seg både titt og ofte som fresande kattar. Det heile var magisk.
Eg fryktar faktisk for at eg kan observerast med ei tåre i augekroken når denne konserten etterkvart sendast på NRK Fjernsynet.
Men, det går bra, for det er ei ven beskriving av kor bra denne konserten var. Oppe blandt mine favorittkonsertar. Ever liksom. Ever, I say.

Skrive av Ronny, 19.01.2007, 19:54
Innlegget omhandlar i hovudsak: konsert, magnet, musikk
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
3 kommentarar til “Ei fantastisk konsertoppleving”
|
|
Tommy,
19.01.2007, 21:56 Word. Det her var en sinnsyk opplevelse. Glatt blant topp 5 konserter. |
|
|
Lindi,
21.01.2007, 16:53 Helt enig med deg Ronny! En fantastisk konsertopplevelse!! |
|
|
Mari,
06.08.2009, 12:56 Beste konserten var i Nidarosdomen! Men skulle gjerne ha fått med meg Kork… |

Ferske meiningar: