Arkiv for 02, 2007

Me, starring in a black&white movie!

Det er berre ei øvingsoppgåve i eitt av faga på skulen. Likevel har Henrik klipt saman eit godt stykke film. Eg tek meg godt ut i svart kvitt!

Sjå filmatiseringa “The Exchange” her


Les meir
Lyd: Superfamily - Taxi Dancing

Skrive av admin, 27.02.2007, 16:02 - 1 kommentar »

Leif in London (Ørjan òg for så vidt)

Leif og Ørjan er på vitjing. Ikkje berre i London, men òg over London. I dag tok vi turen på British Airways London Eye. Vi som bur her, kallar det berre “the Wheel”.


Les meir
Lyd: Way Out West - Don't Forget Me

Skrive av admin, 27.02.2007, 02:15 - Kommentèr »

Fakta om nabolaget mitt

Eg bur i Alfoxton Avenue. Ei gate i området kring Turnpike Lane Tube Station. Eg skal no kjapt oppsummere litt kjapp fakta, slik at du kan føle at du kjenner strøket mitt. Hooden min. Kollektivtransporten og kjendisane her. Alt saman!


Les meir
Lyd: The Fratellis - Flathead

Skrive av admin, 22.02.2007, 15:30 - 9 kommentarar »

Design, slik Tyskland ser det

Eg huskar eg tidvis vart overraska på ungdomsskulen, då eg lærte Tysk. Eg har fått intrykk av at dei tykkjer det er trendy å farge håret i alle regnbogens fargar, og at dei generelt sett framleis diggar musikken dei digga på 80-talet.
Liksom. Den førre populærmusikalske verdssuksessen frå dette landet, var Dear Jessie, av karakteristiske Rollergirl… Eller var det Scooter?

Korleis går det då eigentleg, når vi vert undervist i design, av ei kvinne, med ein leiarstil som minnar om eit velkjendt tysk fenomen frå 40-talet?


Les meir
Lyd: Rockettothesky - On Cherry Tree Song

Skrive av admin, 20.02.2007, 23:10 - 7 kommentarar »

Uflaks, sa Ronny

Først klarte eg å forsove meg, slik at eg eigentleg ikkje hadde meir en nokre få minutt frå eg stod opp til vi måtte gå.

Litt for seint, gjekk vi til tuben, eller t-bana om du vil. Det viste seg at Arsenal station var stengd, og at vi difor måtte tube heilt til Holloway Road, gå av der, og gå i ca 20 minutt for å komme oss til skulen.

Og så regna det. Dumme, dumme Ronny tok ikkje med seg regnjakke til London.


Les meir
Lyd:

Skrive av admin, 20.02.2007, 13:14 - 3 kommentarar »

Little Britain vs. verkelegheita

Dersom ein tek ein tur på det lokale supermarkedet, eller på den lokale bussen, er det nesten ekkelt kor voldsomt på kornet komikarane i “Little Britain” treff den typiske briten.

Det er liksom ikkje som å le seg halvt i hel når ein oppdagar ein mann som er klin lik Espen Eckbo-figuren Asbjørn Brekke, klokka halv fire natt til søndag, utanfor kinamatvogna i Halden. Det er meir i retning av å stadig vekk tenke at “oi. der var det visst endå ein person som anten i utsjånad eller oppførsel, minnar sterkt om ein figur frå Little Britain.”

Det er litt morosamt, men samstundes litt tirst.


Les meir
Lyd: The Decemberists - The Crane Wife pt. 3

Skrive av admin, 19.02.2007, 21:53 - Kommentèr »

I Love The Weekend!

Fredag følte eg at energien min var tilbake. Sjukdommen hadde forsvunne, og eg var i strålande humør. Og då iPoden min miksa ei feilfri speleliste på veg til skulen var der gåsehud, glede og stor stas. Og slik heldt det fram heile helga!


Les meir
Lyd: The Kooks - Seaside

Skrive av admin, 19.02.2007, 02:56 - 3 kommentarar »

Valentintestiklar i nyttårsfeirande Chinatown

Eg, Henrik og Sandra åt i dag ein god middag på ein kinesisk restaurant i utkanten av Chinatown. Men, eg har sjølvsagt teke med meg nokre lærdommar frå vårt inntog i det asiatiske matparadis.


Les meir
Lyd: The Decemberists - Yankee Bayonet

Skrive av admin, 15.02.2007, 01:51 - 6 kommentarar »

Eg vil òg på kjærleikstur!

Det har vorte 14. februar. Dagen i året det er mest stussleg å vere singel.

Bente kom på besøk i dag, og rett over midnatt overraska Mathias ho med billettar til Paris, om berre nokre timar. Ikkje at dei er saman eller noko, altså.

Så triveleg! Eg vil òg på spontan kjærleikstur. Vil nokon vere min valentine?


Les meir
Lyd: Damien Rice - Rootless Tree

Skrive av admin, 14.02.2007, 02:34 - 6 kommentarar »

Noko som nesten øydela dagen

- Eg kjøpte vatn med kolsyre på skulen i dag.
- Eg og Sandra møtte eitt menneske med heftige sinnslidingar på Burger King.
- Eg er framleis sjuk.
- Eine planken under madrassa i senga ligg på golvet.
- Det regnar ute, og det regnar inne. (Då Sandra bada i stad, byrja det dryppe frå taket i stova, som ligg under badet.)
- Eg sat ved sidan av ei slitsom jente i timen på skulen i dag. Eg lurar på om ho er amerikansk…

Men eg har hatt ein fin dag, sånn alt i alt.


Les meir
Lyd: Eskobar & Heather Nova - Someone New

Skrive av admin, 13.02.2007, 23:54 - 2 kommentarar »

Arkiv: