Design, slik Tyskland ser det

Eg huskar eg tidvis vart overraska på ungdomsskulen, då eg lærte Tysk. Eg har fått intrykk av at dei tykkjer det er trendy å farge håret i alle regnbogens fargar, og at dei generelt sett framleis diggar musikken dei digga på 80-talet.
Liksom. Den førre populærmusikalske verdssuksessen frå dette landet, var Dear Jessie, av karakteristiske Rollergirl… Eller var det Scooter?
Korleis går det då eigentleg, når vi vert undervist i design, av ei kvinne, med ein leiarstil som minnar om eit velkjendt tysk fenomen frå 40-talet?
Først og fremst:
Ho har fasitsvar på kva som er god design, og kva som ikkje er det. Er du ueinig tek du feil.
Vidare må du aldri finne på å bruke blokkbokstavar. Det er stygt.
Du må heller ikkje finne på å bruke skrifttypar utan seriffar. Slik sett har eg gått på ein smell med denne heimesida. Slik sett har vel eigentleg alt av vevsider gått på ein smell. Uanom VG Nett, altså.
Artig at ein lærar kan prate om lesbarheit og kontrast, medan PowerPoint-presentasjonen i bakgrunnen har ein mørkeraud tittel på svart bakgrunn.
Dei interne websidene til kurset har svart bakgrunn, og mørk grå skrift. Det heile er litt trist. Trist er òg kursassistenten som kan mindre om det vi vert undervist i, en alle studentane.
Skrive av Ronny, 20.02.2007, 23:10
Innlegget omhandlar i hovudsak: design, London, London met, skule
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
7 kommentarar til “Design, slik Tyskland ser det”
|
|
|
|
Amund,
21.02.2007, 01:28 “Buy a book and learn all the functions in flash as soon as possible” I’m lovin’ it… |
|
|
Rune,
21.02.2007, 14:18 HILS FRA MEG OG SI AT HELVETICA BLE KRAFTIG FORNÆRMET NÅ! |
|
|
Ørjan,
21.02.2007, 19:11 Skulle likt å bite ho i leggen.. ikkje at eg lika å bite folk i leggen.. eller? |
|
|
Ronny,
21.02.2007, 22:28 Ørjan, du æte på leggen til alt og alle du kjem over. Takk gud for at eg flytta frå deg. Har slutta å halte. |
|
|
|
|
Mathias,
22.02.2007, 15:35 Jeg har leggskinner som egentlig skulle brukes til fotballen.. Vi kan sikkert bytte på å bruke dem.. |

Ferske meiningar: