Første store musikkopplevinga i 2007

På mandag slapp britiske Bloc Party sitt nyaste album, “A Weekend In The City”. Eg personleg er ein stor beundrar av deira førre album, “Silent Alarm”, og gikk difor rett til butikken, og handla meg eitt eksemplar.

Eg trur med dette at eg kan krysse av på lista, for årets første store musikkoppleving.

Her i Storbritania, kvar eg bur no, er Bloc Party som kjendisar å rekne. Trass det faktum at dei spelar særs lite komersiell indierock, sel dei fett med plater, og gjer stor suksess, med utselde konsertar (æsj altså…) over heile fjøla.

Men, eg forstår godt suksessen her i heimlandet. Alle som tek seg tid til å lytte til Bloc Party likar det. Rett og slett. Det tek tid å finne ut om ei cd-plate kjem til å setje spor i cd-samlinga, men eg har allereie etter ei veke, ein god følelse for den nye plata til Bloc Party.

Eg gler meg verkeleg til å høyre meir på den.

Lyd: Bloc Party - A Weekend In The City

Skrive av Ronny, 10.02.2007, 19:33
Innlegget omhandlar i hovudsak: ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

2 kommentarar til “Første store musikkopplevinga i 2007”

Tommy, 10.02.2007, 20:49

Word! Knall cd, men usikker på om den er helt på nivå med silent, men det skal jo litt til også da..går det bra med deg mann?

Ronny, 10.02.2007, 23:06

Eg trur kanskje eg kjem til å sitje att med intrykket av at den som ein total cd, er betre enn den førre. Vi får sjå.
Går fint med meg. Nesten frisk no, og klar for å leve meir i London.

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: