Fakta om nabolaget mitt
Eg bur i Alfoxton Avenue. Ei gate i området kring Turnpike Lane Tube Station. Eg skal no kjapt oppsummere litt kjapp fakta, slik at du kan føle at du kjenner strøket mitt. Hooden min. Kollektivtransporten og kjendisane her. Alt saman!
Turnpike Lane heiter området. T-banestasjonen her opna 19. september 1932. North Harringway og Ducketts Green vart føreslegne som namn på stasjonen, men folka tykte rett og slett at Turnpike Lane Tube Station var mykje betre.
Turnpike Lane var ein av åtte nye stasjonar, i “the Cockfosters extension”, på the Piccadilly Line. Linja er opprinneleg frå 1906. I dag tek den deg frå Cockfosters i nord, til Heathrow Airport, vest for London.
T-banestasjonen, som sjølvsagt er sjølve sentrum i området var ein av dei første som hadde sokalla suicide pits. Små holer under t-banesporet. Desse gjer til at ein ikkje automatisk er dømd til døden om ein skulle ende opp mellom skinnene. Det å hoppe framføre t-banetoget, og på den måten ta livet sitt er desverre frykteleg populært her i London.
Turnpike Lane er ein av dei billegaste boligområda i London. Plassen er ein smeltedigel av ein haug nasjonalitetar, og her florerar av butikkar av forskjellige nasjonalitetar. Butikken på hjørnet er faktisk fleirnasjonal, og sel Maryland Cookies, og Twinings te, importert frå Polen og Tyrkia.
Til opplysning er Twinings eit britisk selskap, med base i Hampshire.
Mange kjende personar, kan i følgje Wikipedia knyttast til Turnpike Lane. Elektronikaartisten Moby, Johnny Borrell frå Razorlight, Belle and Sebastian. Og så Mark Knopfler då. Han nemner faktisk Turnpike Lane i songen “Junkie Doll” på plata “Sailing To Philadelphia”.
Teksten går slik:
Turnpike lane, turnpike lane
You spiked my arm
But you missed the vein
Now its all gone
But the scars remain
Junkie doll, I was stuck on you
My junkie doll…
Turnpike lane, turnpike lane
You took my heart
Pan american
Now rain or shine
Its all the same
Junkie doll, I was stuck on you
My junkie doll
Kanskje ikkje mest positive teksten eg har sett, men framleis ein slags hyllest av Turnpike Lane.
Her er yrande shoppingmoglegheitar i området. Hovudsakleg små butikkar og kafèar av ymse nasjnoalitetar som kjempar bittert mot store kjeder som HMV, McDonalds og Pizza Hut.
I enden av gata vår finn du mellom anna den lille eksotiske kyllingrestauranten MFC.
Ellers har Turnpike Lane, og området rundt eit fult oppegåande kulturtilbod, trur eg. Her er kino, og pubar og barar. Personleg har eg frykteleg lyst til å prøve “The Goat” ein kveld.
Ein brukar av nettstaden beerintheevening.com seier følgjande om puben:
“good pub, full of friendly locals. bar staff r really nice.”
Meir om hooden min seinare. Lurer du på noko om mitt eksotiske nabolag? Spør, då vel!
Fotografiet på toppen er teke av Henrik Solberg
Lyd: The Fratellis - Flathead
Eg vart anbefalt plata til skotske Fratellis då eg var der i haust. Denne songen vert for tida brukt i den nye iPod-reklama som rullar og går her i England. Utruleg tøff song.
Skrive av Ronny, 22.02.2007, 15:30
Innlegget omhandlar i hovudsak: 20 Alfoxton, London, nabolaget, Turnpike Lane
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
9 kommentarar til “Fakta om nabolaget mitt”
|
|
Ørjan,
22.02.2007, 15:35 Kjekt og vite Rånni! Vitja deg i kveld eg! |
|
|
Ronny,
22.02.2007, 16:10 Oi? Nabolaget verka SÅ kult at du berre må komme NO? |
|
|
rune,
22.02.2007, 18:11 what? no KFC? glem besøk av meg. |
|
|
Ronny,
23.02.2007, 00:03 Er mykje soim er slåande likt her då! |
|
|
Trøkk,
23.02.2007, 16:56 Du glemte å nevne at politibiler kjører konstant forbi huset vårt med sirenene på hver dag… |
|
|
Frode,
26.02.2007, 18:40 Har du ikkje tenkt å nemne den sosiale samankomsten vår på Oxford Circus på bloggjen? ;) |
|
|
bente,
27.02.2007, 01:40 rooonyyy!!! du må oppdatereeeeee!!! |
|
|
Frode,
28.02.2007, 14:24 Veit du forresten at Turnpike tyder bomveg/bomstasjon? |
|
|
Ronny,
28.02.2007, 16:38 Nei, det visste eg faktisk ikkje. Betyr dette at eg bur på / i ein bomveg? |

Ferske meiningar: