Fugl i flott vêr

På slik ein fin søndag som i dag, måtte vi ut i London og svinga oss på fleire turistattraksjonar. Trafalgar Square og Buckingham Palace stod på plakaten i dag.
Eg trur kanskje at det mest spennande eg såg i dag, var ei rekkje ulike fuglar, langs elvebreidda i St. James’s Park.

Trafalgar Square var ikkje særleg spennande. Joda, der var pent, men der vvar òg ny rekord, etter mi meining, i turistar. Og alle dreiv å besteig ein statue nokon andre skulle ta bilete av dei på. Løvene var særs populære.

Vi brukte difor mykje tid langs elvebredda i St. James’s Park, på det som no heiter “Princess Diana Memorial Road”. Det vert hevda at dette i gamle dagar vart sett på som den ordentlege inngangen til Buckingham Palace. Guiden vår førre veke sa det.

Lyd:
Skrive av Ronny, 12.02.2007, 00:42
Innlegget omhandlar i hovudsak: London, sightseeing
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback

Ferske meiningar: