I Love The Weekend!

Fredag følte eg at energien min var tilbake. Sjukdommen hadde forsvunne, og eg var i strålande humør. Og då iPoden min miksa ei feilfri speleliste på veg til skulen var der gåsehud, glede og stor stas. Og slik heldt det fram heile helga!
Etter skulen fredag tok vi turen på The British Museum. Der var gratis inngang, og utstillinga var verkeleg deretter. Det mest spennande ved heile opplegget var utsjånaden i hovudrommet, med eit stilig tak, artig arkitektur og ein kraftig overprisa bokhandel.

Men, sånn totalt sett var det jo ein triveleg tur. På biletet under poserar Sandra, Amund og Kathrine. Bokhyllene du ser i bakgrunnen stammar frå kongens gamle bibliotek, kunne Henrik fortelje.

Etter besøket på The British Museum, kjøpte fleire av oss nokre kort som skulle sendast nordover mot Noreg. Deretter reiste vi heim med t-bana, og stekte nærare 4 kilo kjøttdeig, type taco.

Laurdag vart det plutseleg sommar i London. Eg vakna av at eg høyrde stemmer utanfor vindauget på rommet mitt. Eg var ikkje gal. Det var Amund og Kathrine som hadde funne ein gamal basketball dei dreiv å triksa med i “hagen” vår.
- Ey, Ronny. Det er sommer. Se, jeg går ute i t-skjorte, i februar liksom, sa Amund.

Bente er på besøk, og på biletet over ser du ho ri på ein mekanisk okse. Eg tippa at ho ville halde seg oppå i 15 sekund. Mathias tippa at ho ville klare 20.
Bente klarte 30. Imponerande. Eg er to og eit halvt pund fattigare no.
Eg, Bente og Mathias utforska Chinatown og slikt på laurdag. Vi oppdaga at det er mykje meir folk som heng i sentrum ein laurdag ettermiddag, enn andre dagar i veka. Det var folk overalt, og på t-bana, eller tuben som vi kallar det, var der kaos.

På biletet over, ser du eit augneblunk av “folksom t-bane”.

Bente, i ei t-banevogn som ikkje var sånn altfor full, seint laurdag ettermiddag.

Etter ein tur i eit overfylt sentrum, kom eg, Mathias og Bente oss tilbake til nabolaget vårt. Her kjøpte vi hamburgerar, brød, ymse salat og øl. Deretter reiste vi heimatt, åt burger og drakk litt øl. Resten av laurdagen gjekk med til god stemning, mykje svensktoppar og ein tur til Tufnell Park, kvar Espen og Niklas bur.
I dag, søndag, har eg sove lenge. Henrik, Trøkk og Kathrine reiste til sentrum for å få med seg kinesisk nyttårsfeiring. Dei kunne melde om totalt kaos, kø, kø, kø og problem med å kunne bevege seg fritt.
- Av og til var det sånn at du nesten ikke var nedi bakken med beina. Du bare fløyt bortover, fordi der var så mye folk, sa Henrik etterpå.
Då alt dette spetakkelet hadde roa seg, tok eg og Sandra turen på Friday’s, og åt fantastisk god mat. Vi fekk oss ei overrasking då vi oppdaga at Bente og Mathias òg var på Fridays. Vi åt frykteleg god dessert saman.
No er eg mett og glad. Eg er frisk att, og føler meg tipp topp. Eg har mista turistfølelsen, og har byrja kjenne på kroppen korleis det er å leve i den pulserande storbyen. I morgon er starten på nok ei veke. Det ryktast å bli ei god ei!
Lyd: The Kooks - Seaside
Skrive av Ronny, 19.02.2007, 02:56
Innlegget omhandlar i hovudsak: Amund, Bente, fotografi, helg, Kathrine, London, Mathias, museum, park, Sandra, Trøkk
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
3 kommentarar til “I Love The Weekend!”
|
|
Amund,
19.02.2007, 13:49 Det VAR virkelig sommer her paa loeardag! :D Jeg vil se flere bilder fra museet. Naa skal vi heldigvis komme oss ut av dette klamme rommet… |
|
|
Bente,
19.02.2007, 22:32 D va nå veldig snilt av deg å ikkje nevne forsøk 2 og 3 eg hadde på oksen.. du e nå snill ronny!! kjææmpesnill!! |
|
|
Ronny,
19.02.2007, 22:52 Ja! Det var spesielt snilt av meg å ikkje nemne forsøk 2, då du berre greidde 1 sekund på oksen. |

Ferske meiningar: