Leif in London (Ørjan òg for så vidt)

Leif og Ørjan er på vitjing. Ikkje berre i London, men òg over London. I dag tok vi turen på British Airways London Eye. Vi som bur her, kallar det berre “the Wheel”.

The Wheel, eller British Airways London Eye, om du vil, ravar 135 meter over bakken. Det gigantiske hjulet har årleg fleire besøkande enn både Eiffeltårnet og The Statue of Liberty. Vi slapp likevel å stå lenge i kø.

Turen tok, i følgje ein eller annan, omtrent 40 minutt. Eg trur ikkje heilt på det, for eg følte eigentleg ikkje at eg var der lengre en ti minutt.

Då vi nærma oss toppen, vart Ørjan litt skjelven, og måtte setje seg ned. Han prøvde å late som om han ikkje hadde høgdeskrekk, men vi trudde ikkje på han. Amund lo ein del.

Bortsett frå å vitje The Wheel, har eg dei siste dagane fungert som turguide. Artig, i og med at eg for berre litt sidan hadde store behov for å verte guida sjølv.

Big Ben var òg ein sjølvsagt attraksjon.

Kathrine var pittelitt trøytt i dag, stakkars.

Eit slags halvdårleg bandphoto eller noko.

Leif på Starbucks. Fin kaffi, i sofakroken.

Lyd: Way Out West - Don't Forget Me

Skrive av Ronny, 27.02.2007, 02:15
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: