Om toalettpapir

På biletet ser du ein butikk som faktisk stiller ut, og viser fram toalettpapiret dei har å tilby. Av alle ting, liksom.
Eg vart sjokkert då eg såg dette, men har no byrja fatte kvifor. Her i London er ikkje toalettpapir alltid toalettpapir. Du veit, på same måte som ein spade av og til ikkje er ein spade.
Britane har nemleg, i motsetnad til oss andre, brukt alt for mykje tid på å utvikle nye, spennande typar toalettpapir.
Vi kan like godt ta det mest forferdelege først:
Mathias var ute seint ein kveld, og handla i ei av “jallasjappene” oppi gata. Han kom heim, med parfymert toalettpapir. Rosa, parfymert papir.
Eg fekk nesten hakeslepp, eller brekningar om du vil, då eg første gongen skulle snyte nasa mi i dette makkverket. Parfymen kan vel knapt kallast parfyme. Eg ville kalt det wunderbaumlukt.
Og sånn heilt ærleg talt. Eg treng vel ikkje skrive om opplevinga av å vere sjuk, med rennande nase, og oppleve å måtte snyte seg i noko som er dynka i wunderbaumkonsentrat?
Det var difor ei utruleg lukkeleg oppleving å sjå kvitt papir på dorullholdaren i dag. Men, sjølvsagt skulle det nyinnkjøpte, tilsynelatande trivelege papiret vise seg å vere litt for triveleg.
Då eg rulla av eit tørk, oppdaga eg at dette papiret var slåande likt filtduken som høyrer til pokersettet eg fekk til jul i forfjor. Ikkje berre på grunn av den rare, mjuke overflata. Òg på grunn av tjukkelsen.
Eg lurer på kva det neste blir. Kanskje eg skal gå tilbake til den tidlegare nemnde butikken, og sjå kva dei har på utstilling. Kanelsmak hadde jo vore noko.
Skrive av Ronny, 07.02.2007, 03:28
Innlegget omhandlar i hovudsak: 20 Alfoxton, London, toalettpapir
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
6 kommentarar til “Om toalettpapir”
|
|
Mathias,
07.02.2007, 14:17 Assa.. Når man ser rosa dopapir, er det vel klart at man kjøper det!? Jeg angrer ikke et sekund, hadde kjøpt det om det så var parfymert med promp.. Rosa er hot! Også i baken! Yeah! |
|
|
Ronny,
07.02.2007, 19:45 Det er berre fordi du er femi. |
|
|
Mathias,
08.02.2007, 01:09 Ikke femi.. Bare sikker på min egen seksualitet.. Viktig å eksperimentere.. Det trodde jeg ihvertfall du visste alt om.. |
|
|
|
|
Mathias,
08.02.2007, 18:32 Buuuuuuu!!! Skal kjøpe rosa dasspapir nok til å fylle opp hele doen! Også skal jeg fylle opp doen med det etterpå! |
|
|
silje,
09.02.2007, 16:28 misunnelig på du som kan velge og vrake i dopapir. det gjer jo handleturen fleirfoldig mange ganga meir spennande |

Ferske meiningar: