Arkiv for 02, 2007
Gode veksttilhøve på toalettet

Mathias tok dette biletet på toalettet vårt i natt. Då Christine sa at der var sopp på doen, forstod ikkje vi andre at det faktisk var snakk om ekte sopp. Du veit, slik som ein finn i skogen.
Les meir
Lyd: Rock Kills Kid - I Turn My Camera On
Skrive av admin, 12.02.2007, 16:01 - 4 kommentarar »
Fugl i flott vêr

På slik ein fin søndag som i dag, måtte vi ut i London og svinga oss på fleire turistattraksjonar. Trafalgar Square og Buckingham Palace stod på plakaten i dag.
Les meir
Lyd:
Skrive av admin, 12.02.2007, 00:42 - Kommentèr »
Første store musikkopplevinga i 2007
På mandag slapp britiske Bloc Party sitt nyaste album, “A Weekend In The City”. Eg personleg er ein stor beundrar av deira førre album, “Silent Alarm”, og gikk difor rett til butikken, og handla meg eitt eksemplar.
Eg trur med dette at eg kan krysse av på lista, for årets første store musikkoppleving.
Les meir
Lyd: Bloc Party - A Weekend In The City
Skrive av admin, 10.02.2007, 19:33 - 2 kommentarar »
Om toalettpapir

På biletet ser du ein butikk som faktisk stiller ut, og viser fram toalettpapiret dei har å tilby. Av alle ting, liksom.
Eg vart sjokkert då eg såg dette, men har no byrja fatte kvifor. Her i London er ikkje toalettpapir alltid toalettpapir. Du veit, på same måte som ein spade av og til ikkje er ein spade.
Les meir
Lyd: Bloc Party - The Prayer
Skrive av admin, 07.02.2007, 03:28 - 6 kommentarar »
Æsj! Eg er sjuk!
Medan dei andre her i huset har brukt helga på å utforske London, har eg vore sengeliggjande, og sofasitjande med feber, hoste og rennande nase.
Les meir
Lyd: Justin Timberlake - I Think She Knows
Skrive av admin, 06.02.2007, 01:47 - 2 kommentarar »
Marknad og sjukdom

Fredag tok vi turen til Notting Hill Gate, og Portobello Market. Her kunne vi traske nedover ei gate, og kike på boder og små butikkar av ymse slag. Her selde dei alt frå t-shirts med artige bodskap, til rare bøker, billig juggel og fish’nchips. Alt eg kjøpte, var ein Starbuckskaffe.
Les meir
Lyd: Stars - Elevator Love Letter
Skrive av admin, 03.02.2007, 19:12 - 5 kommentarar »
Busstur, amerikanararar og eit stereoanlegg

I dag har eg funne ein negativ ting ved det å ikkje vere EU-medlem. Skulen sendte dei internasjonale studentane frå Noreg ut på fancy sightseeingtur… Saman med amerikanarane.
Les meir
Lyd: Josh Rouse - It Looks Like Love
Skrive av admin, 01.02.2007, 23:25 - 5 kommentarar »

Ferske meiningar: