Uflaks, sa Ronny

Først klarte eg å forsove meg, slik at eg eigentleg ikkje hadde meir en nokre få minutt frå eg stod opp til vi måtte gå.

Litt for seint, gjekk vi til tuben, eller t-bana om du vil. Det viste seg at Arsenal station var stengd, og at vi difor måtte tube heilt til Holloway Road, gå av der, og gå i ca 20 minutt for å komme oss til skulen.

Og så regna det. Dumme, dumme Ronny tok ikkje med seg regnjakke til London.

Vi kom oss til skulen, etter mykje om og men. Opp fire trapper, og bort til det grusomt dårleg ventilerte klasserommet, kor der ikkje var ei levande sjel, trass det faktum at vi var for seint ute.

Undervisninga i faget DeskTop Publishing & Design er avlyst i dag.

Så no sit eg her, på ei datamaskin med eit vanskeleg engelsk tastatur, og ventar på dagens andre undervisningsfag, som tek til om 2 timar. Men, for all del. Det er kjekt å vente. Sandra les kjærleikseposten til naboen, som handlar om broken hearts og slikt. Eg høyrer på musikk frå iPoden min. Den reddar verkeleg dagen.

Og sånn nett no, er eg sjokkert over kor mykje eg brukar bokstaven å. Eg er og sjokkert over kor lange kodar ein må skrive for å få fram ein å på eit engelsk tastatur. Og så er eg sjokkert ober kor stor forskjell det eigentleg er på plasseringa av ulike teikn på norske og engelske tastatur.
Men eg er ikkje frustrert, altså. Berre sjokkert.

Framleis god dag då du!

Forresten: Kaffien her på skulen er altfor svak.

Lyd:

Skrive av Ronny, 20.02.2007, 13:14
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “Uflaks, sa Ronny”

Amund, 20.02.2007, 13:23

Always look on the bright side of life…

Jeg har hvertfall fått til litt mer i flash i dag! Yeah!

Henrik, 20.02.2007, 13:23

Vi var faktisk ikke for sent ute til forelesningen. Vi kom tre minutter for tidlig. Engelsk tastur vanskelig? Dra til Frankrike du, der er de helt umulige!
Jeg har faktisk ikke skrevet et eneste norsk tegn i denne kommentaren Ronny! :)

Ronny, 20.02.2007, 13:30

Ok, Henrik. Eg skal ta turen til Frankrike i loepet av vaaren, berre for aa teste tastatura der. Gratulerar med aa ikkje bruke norske teikn. Hugs at nynorsk i stoerre grad enn bokmaal brukar saernoske teikn.

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: