Valentintestiklar i nyttårsfeirande Chinatown

Eg, Henrik og Sandra åt i dag ein god middag på ein kinesisk restaurant i utkanten av Chinatown. Men, eg har sjølvsagt teke med meg nokre lærdommar frå vårt inntog i det asiatiske matparadis.

Småsvoltne, og på jakt etter ein triveleg fortauskafè å leske oss på, endte eg, Henrik og Sandra opp på ein restaurant i Chinatown.
Eg fekk servert ein skikkeleg “Fillet Steak” av typen kinesisk, med tilhøyrande nudlar og ymse grønnsaker. Problemet mitt, var at eg ikkje fekk kniv. Eg fekk gaffel, og skei. Alle som har ete biff, veit at dette ofte vert lettare med kniv.

Henrik fekk servert noko av det same som eg fekk, og vart både mett òg nøgd.

Sandra derimot, prøvde seg på nudlar og “mixed meat”.
Det ho ikkje visste, der og då, var at med forskjellige typar kjøtt, meinte denne asiatiske restauranten blekksprut og testiklar av eittelleranna dyr.

Ho sa det var godt. Men eg trur ho ikkje, for ho verka noko bitter.

Kinesarane driv forresten å feirar nyttår i desse degar. Henrik seier at det skjer over fleire dagar, alt etter kva år du er født. Eg tykkjer at det høyrast litt merkeleg ut. Men, uansett ønskjer eg å markere det kinesiske nyttåret ved å publisere eit bilete Henrik tok, under her.

Før vi endte opp i Chinatown, var vi i Kensington, på the West Side of London, for å hente ein billett Henrik har kjøpt seg til ein konsert i Royal Albert Hall. Vi traska gjennom mykje pene strøk, som er ganske ulike det vi bur i, og vi såg mykje spennande museum, og engasjerte ungar, før vi kom til den tidlegare nemnde runde kolossen. Henrik henta billetten sin, og eg tenkte litt på det faktum at eg stod på musikkhistorisk grunn.

Så gjekk vi.
På biletet under, ser du Sandra og Henrik, og oppe til høgre kan du skimte Royal Albert Hall. Det interessante ved dette biletet er likevel husa som pregar mellomgrunnen. Dei var utruleg tynne, og utruleg høge. Sært syn. Henrik lurte på kvifor dei var så smale og høge. Eg trur grunnen kan ha med areal og tilgjengeleg plass å gjere.

Og så må eg nemne, at sidan det var Valentinsdag i dag, og få andre ga meg gåver, gjekk eg ein tur på kanskje London sin største HMV-butikk, og kjøpte meg nokre cd-plater. The Kooks, The Decemberists, Kaiser Chiefs og The Shins. No skal eg legge meg og høyre på eitt eller fleire av albuma. Gler meg.

Lyd: The Decemberists - Yankee Bayonet

Skrive av Ronny, 15.02.2007, 01:51
Innlegget omhandlar i hovudsak: , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

6 kommentarar til “Valentintestiklar i nyttårsfeirande Chinatown”

Henrik, 15.02.2007, 09:25

Fin liten beskrivelse av dagen der altså!

Ronny-André, 15.02.2007, 21:55

En gang for alle Ronny, hva slags kamera har du?

Ronny, 15.02.2007, 23:56

Eg har eit Canon EOS 350D.

anne, 18.02.2007, 12:32

eit retteleg flott kamera om eg så må seie d sjølv;)

Ronny (not the ponny, 18.02.2007, 13:42

Så bra at du utnytter alle hjerters dag til å utforske andre kulturer. Og jeg vil si at det var lurt å la andre prøve seg på testikler…

Ronny, 18.02.2007, 16:50

Hehe, ja ikkje sant ?

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: