Canadisk homobarfascinasjon og pleddkledd uteliggarguide

Laurdag kveld er festkveld, òg i London. For første gong i løpet av vårt opphold her i den urbane storbyen reiste vi heilt inn til sentrum for å gå ut. Destinasjonen var Leicester Square, utan nokon konkret plan om kvar vi skulle. At vi endte opp på ein fresh og trendy uteplass til slutt, var eigentleg berre resultat av ei rekkje tilfeldigheitar…
Etterkvart som vi nærma oss Leicester Square med t-bana, bygde det seg opp eit voldsomt behov for å gå på toalettet hjå fleire av oss. Då vi kom fram til stasjonen venta resten av gjengen, medan eg, Mathias, Kathrine og Leif gjekk på dojakt. Vi fann ei dør, midt i ei bakgate, og av ein eller annan grunn åpna vi den.
Det viste seg å vere bakdøra inn på ein pub. Vi brydde oss ikkje særleg. Vi måtte på do.
Då vi hadde tømt blæra, oppdaga vi plutseleg det faktum at vi var inne på ein pub, og at der eigentleg var ganske folksomt og triveleg. Difor henta Kathrine resten av gjengen på t-banestasjonen. Vi vart verande.
Så, ei halv øl seinare stoppa musikken, og alle lysa vart skrudde på. Puben var i ferd med å stengje. Eg kom i prat med ei jente frå Canada. Ho heitte Jessie, og visste om opptil fleire gode plassar kvar vi kunne halde fram festen. Dei sa i alle fall det. Ho, og resten av gjengen sa at eg høyrdest ut som om eg var skotsk. Eg trur eg skal ta det som eit kompliment, men er slett ikkje sikker.
Vi gjekk ut av denne puben, og bort og opp ei gate. Vi kom til plassen Jessie meinte var utruleg bra. Ein homsebar. Jessie, som var overtydd om at dette var ein bra plass, kom ikkje inn, fordi ho var jente. Vi andre var litt skuffa.
Det var då ein fyr inpakka i eit pledd tok kontakt. Han tykte vi såg litt skuffa ut. Joda, sa vi. Det var jo ikkje ein slik bar vi var keen på å vitje. Han sa at han var uteliggjar, og at han kunne vise oss beste uteplassen i området for litt pengar.
Mathias sa at dersom han prøvde seg på noko tull, og viste oss eittelleranna dårleg, ja, då skulle han få skikkeleg pryl. Uteliggjaren sa han hadde peiling, og visste godt kor folk tykte det var kult å gå. Vi ga han litt pengar, og eg spurde korleis det var å vere uteliggjar i London. Han svarte eittelleranna om at det var ok, og så viste han oss “The Zoo Bar”.
Og uteliggjaren tok ikkje feil. Her var stappfult, og god stemning. Resten av kvelden gjekk med til synging og dansing. Og ganske stusslege damer som dansa sjølvsikkert på bardisken. Ein slags lavbudsjettversjon av Coyote Ugly. Men for all del. Det var morsomt og triveleg. Og det går rykter om at alle kosa seg. Til og med Miriam og Anne-Kirsti som vitja Kathrine kosa seg. Biletet under viser desse tre laurdag ettermiddag, på t-bana.

Lyd: The Shins - Phantom Limb
Fantastisk flott sang frå plata "Wincing The Night Away". Perfekt soundtrack til ein trøtt morgon på tuben.
Skrive av Ronny, 05.03.2007, 01:20
Innlegget omhandlar i hovudsak: fest, laurdag, Leicester Square, London, pub, uteplass, øl
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
10 kommentarar til “Canadisk homobarfascinasjon og pleddkledd uteliggarguide”
|
|
|
|
|
|
Sandra,
05.03.2007, 13:24 bare så det er helt klart for alle: Ronny var myyye mer full enn meg på det bildet! (jeg var ikke full, bare veldig uheldig bilde! :P ) |
|
|
Ronny,
05.03.2007, 17:17 Er det bildet der veldig uheldig av deg? |
|
|
Trøkk,
05.03.2007, 17:19 Jeg synes bildet beskriver kvelden slik den var jeg :) Glade folk som har det moro! |
|
|
Ronny,
05.03.2007, 17:54 Det har du heilt rett i Trøkk! |
|
|
|
|
|
|
|
|
Kathrine,
05.03.2007, 20:45 Du kan godt fjerne meg fra det ene bildet der også Ronny! Ser jo ikke ut :( |

Ferske meiningar: