Eg og Britney… Og Madonna…

I dag har eg brote haugevis av intimgrenser. Riktignok berre med voksdukker…
Vi måtte jo ta turen til Madame Tussauds i løpet av semesteret. Og, i dag var dagen, då vi skulle traske rundt blandt skremmande realistiske voksdukker av ulike kjende menneske. Det heile var dyrt, men frykteleg morosamt.

Foto på begge bileta av meg: Amund Lindqvist
Eg, og Madonna. God stemning. Håret mitt ser teit ut, fordi Sandra gjekk laus på meg med rettetang i går.

Sandra, Jack Sparrow og Kathrine. Sjå kor dei kosar seg.

- Du, Sean. Vi skal ikkje ta å finne på noko saman ein dag, spør Leif. Sean er mildt sagt skeptisk.

Medan vi andre tykte det var tøft å verte avfotograferte med kjendisar, vart Amund overbegeistra for denne frykteleg realistiske voks(?)palma. Kvar si glede…

Eg har lagt ut nokre fleire bilete frå turen vår til voksinfernoet. Mellom anna kan du sjå meg med tunga på veg inn i øyret på ein tyskar som hadde si storheitstid på 40-talet.
Lyd: Kaiser Chiefs - Ruby
Knakande godt nytt album frå Kaiser Chiefs. Singelen "Ruby" er fresh og flott.
Skrive av Ronny, 02.03.2007, 02:55
Innlegget omhandlar i hovudsak: Amund, Henrik, Kathrine, Leif, London, Madame Tussauds, Sandra, Trøkk
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
9 kommentarar til “Eg og Britney… Og Madonna…”
|
|
|
|
Ben,
02.03.2007, 20:32 Ka du meina med ein mindre viktig del av moderne musikkhistorie?? Freddie e jo konge!! Djupt skuffa, Ronny… |
|
|
Ronny,
03.03.2007, 01:07 Har eigentleg ingenting i mot han Freddie. Skreiv det vel eigentleg berre for å provorsere Sandra og Kathrine. Riktignok utan å få respons. |
|
|
Tommy,
03.03.2007, 10:04 Du må se heroes & zeroes på barfly i london 13 mars… |
|
|
|
|
tommy,
03.03.2007, 17:52 vet ikkje..så det på myspace siden dems |
|
|
tommy,
03.03.2007, 17:52 vet ikkje..så det på myspace siden dems |
|
|
Ronny,
03.03.2007, 22:59 Må jo på den ! |
|
|

Ferske meiningar: