Heim til fagre Førde på ferie!

I dag er dagen. Eg skal forlate den internasjonale smeltedigelen, og vende heimatt til korrekt køyreretning, frisk luft og springvatn. Eg skal heimatt på påskeferie om 18 timar.

Og der er ein del ting eg gler meg MYKJE til å sjå att heime i Noreg, så kvifor ikkje berre lage ei liste, tenkte eg? Here it is!

Topp 10 – ting eg gler meg til å komme heim til
1 : Familie og vennar. Det vert strålande å sjå att folk
2 : Deilig dialekt. Det å bu i London med ein gjeng frå Austfold tærar på av og til.
3 : Frisk luft og vatn frå springen.
4 : Nye plata til Magnet
5 : Freia påskeegg
6 : Hus utan sopp og sneglar
7 : Å sleppe å bruke tørketrommel – Tørketrommel er teit
8 : Ordentleg middag, som eg slepp å tilbrede sjølv
9 : Ei seng, som ein faktisk kan kalle ei seng, utan å overdrive litt.
10 : Ein skitur… ? Litt usikker på denne.

Og så tek eg likegodt med ein Topp 5 – ting eg kanskje kjem til å sakne i ferien

1 : Eit fungerande kollektivtilbod
2 : Lyden av sirener. Det vert kanskje litt stille utan.
3 : Det store utvalet av pubs, kafèar og ting som liknar
4 : Varme og vår
5 : Britane som alltid trur eg er Skotsk, medan eg eigentleg berre er godt brisen på øl.

Lyd: Heroes & Zeros - Into the Light
Eg gler meg til denne gjengen slepp plate utover året!

Skrive av Ronny, 29.03.2007, 03:22
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “Heim til fagre Førde på ferie!”

mari, 29.03.2007, 14:29

ærlig talt ronny! du skal være med meg på skitur, så den kan du ikke være usikker på..og varme og vår har vi mye av her, jeg er solbrent på nasa! så det så!! glede meg til å skåle med deg atter en gang! påskekram

Ronny, 29.03.2007, 15:15

Jammen dette høyrast bra ut Mari!
Eg er klar for både skåling og skitur!

Håvard, 30.03.2007, 09:35

Ja, jævla Østfold! Drittfylke!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: