Heim til påske?

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt meg heim i påskeferien. Men i dag kom eg til å tenkje på dei positive sidene ved å reise heim, kontra det å vere att i London.
Dersom eg reiser heim, får eg sjå familie, slekt og venner att. I tillegg får eg òg i år ete desse herlege fylte påskeegga frå Freia. Og så har vi jo heller ikkje skogssopp på badet heime heller.
Dersom eg feirer påske i London, blir det einsam åleinepåske i eit relativt stort hus. Eller. Eg er jo ikkje heilt åleine. Det ryktast at der bur ei stor rotte i hagen.
Valet er eigentleg lett. Så, 31. mars ser det ut til at eg set meg på eit Norwegian-fly til Bergen. Norway awaits, som det seiast på den første reklameplakaten eg såg her i London.
Lyd: Tegan and Sara - Where Does The Good Go
Utruleg fin song frå ei kanadisk gruppe, som Rolf tipsa meg om ein dag. Eg gjekk lenge å undra på kvar eg har høyrd den før. Då eg søkte den opp i iTunes for 10 sekund sidan, fann eg ut at den har vore med i Grey's Anatomy.
Skrive av Ronny, 08.03.2007, 02:59
Innlegget omhandlar i hovudsak: Førde, London, påske
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
3 kommentarar til “Heim til påske?”
|
|
Rune,
08.03.2007, 13:08 Pluss at da kan du henge med meg i den nye kåken min i Førde. JUHU! |
|
|
Øyvind,
08.03.2007, 17:58 Poloppoly venta på deg viss du vil, sikkert! :) |
|
|
Ronny,
08.03.2007, 23:57 Rune: Fått deg ny kåk? FETT! Eg e klar for vors i kåken din, sånn som i gamle dagar. Du veit. Då eg var ung, og du litt eldre. |

Ferske meiningar: