St. Patrick’s med irsk folkedans og Guinness-hatt

Laurdag var det St. Patrick’s day. Irane sin nasjonaldag. Ein stor festdag, som sjølvsagt vert feira kraftig i heile England. Vi tok turen til Tufnell Park tube station, og vitja ein ekte irsk pub. Det vart rikeleg med god stemning.

Festdagen vert sterkt marknadsført av Guinness, som truleg kjem særs godt utav denne dagen, reint økonomisk. Dei har laga ein utruleg tøff reklamefilm i forbindelse med feiringa..

Vi kom til ein pub som var overfylt av festglade menneske i alle alderar. Eldre menn, dvergar, åleinemødre… med ungane sine på slep. Ja, der var eit godt representativt utval.

Folk var kledde i grønt, og folk gjekk rundt i kule hattar. Slike som eg har på meg på biletet over. Både eg, Sandra, Henrik og Trøkk klarte å få tak i slike hattar i løpet av kvelden. Det vert ein flott suvernir.

Laurdagskvelden gjekk med til mykje irsk folkedans, og generelt mykje god stemning.

Mathias tok opp ein ganske morosam video med mobiltelefonen sin. Her kan du etterkvart sjå ei dame i grøn- og kvitstripa gensar. Omkring halvvegs uti filmen kan du sjå at ho ber meg opp til litt erkeirsk folkedans. God stemning.

Sjå mobilfilmatiseringa til Mathias!

Livleg gjeng.

Trøkk.

Alle fotos : Kathrine Stensrud

Lyd: Pogues - Dirty Old Town

Skrive av Ronny, 18.03.2007, 18:04
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

7 kommentarar til “St. Patrick’s med irsk folkedans og Guinness-hatt”

Amund, 18.03.2007, 18:23

For en gjeng du henger med, Ronny… :D

Artig kveld det derre gett!

Kathrine, 18.03.2007, 18:25

Kjempe kveld! Utrolig morro :D:D

Ronny, 18.03.2007, 18:27

Ja, det var skikkeleg kos

Henrik, 18.03.2007, 18:39

Det var den beste kvelden så langt. Helt klart! Og jeg fikk meg en hatt til slutt!!!!!

Ronny, 18.03.2007, 19:07

Morsomste augneblunk var kanskje då ein framand fyr ga meg hatten sn, og det påfølgande ansiktsuttrykket til Henrik, som òg hadde frykteleg lyst på hatt. hehehe.

Mathias, 22.03.2007, 14:55

“Alle fotos : Kathrine Stensrud” du liksom.. Da må hun ha fryktlig mange og lange armer.. Men det var en artig kveld, ja.. Selv om formen kanskje kunne ha vært bedre..

Ronny, 05.04.2007, 04:30

Kathrine har 3 stk 2 meter lange armar.

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: