Summer in the city!

Strålande sol, skyfritt og varmt. Vi tok turen til Hyde Park, for å sole oss og ete is.

Det tok ikkje lange tida før eg måtte kaste gensaren, der eg sat og sleika sol, på ein bekk ved det lille vatnet i Hyde Park. Det heile var rett og slett herleg idyllisk. På slike dagar saknar ein ikkje Noreg, og snøen der noko særleg.

Vi vart rett og slett berre sitjande å nyte livet i fleire timar. Eg kjenner framleis at eg har fått sol i andletet.

Christine, liggjande på bakken. I bakgrunnen kan du sjå ei livreddingsbøyle, og eit skilt som kunne advare om at ein må vere forsiktig, grunna tynn is. Ha ha. Morsomt.

Eg fekk òg oppleve nærkontakt med ein noko stygg svane. Eg tykte den verka litt skummel, men likevel triveleg. Amund tok bilete av det spennande møtet.

Då sola var i ferd med å forsvinne, tok vi turen innover i sentrum, og opp op Leicester Square, kvar vi åt ein herleg meksikansk middag.
Rett og slett ein fortreffeleg dag.
Lyd: Arcade Fire - Keep The Car Running
Arcade Fire er ute med nytt album, Neon Bible. Denne songen, som til tider grensar til å minne om noko storslått The Cure, er eit perfekt soundtrack til ein solfylt dag i Hyde Park.
Skrive av Ronny, 09.03.2007, 01:09
Innlegget omhandlar i hovudsak: hyde park, London, sommer
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
3 kommentarar til “Summer in the city!”
|
|
bente,
09.03.2007, 11:36 du e flinkest av alle te å blogge ronny!:D:D så flink du e! |
|
|
Ronny,
09.03.2007, 11:56 Takk for det Bente! |
|
|

Ferske meiningar: