Back in LDN
På plass, i t-skjorte og med familien på slep.
Eg har nett vore på jallasjappa over gata. Dagens handleliste var enkel. Volvic vatn og Pepsi Max. Og, det var fin t-skjorte-temperatur ute, sjølv om klokka går med stormskritt mot 00:30. Nett no er her 17 grader.
Foreldra mine, søstra mi, og ei venninne av ho har teke seg ein helgetur til byen, for å sjå korleis min noværande heimstad er. I dag har vi gått ein heil del, handla ein heil del, og svetta ein endå større del, i 24 grader og strålande solskinn. Sommaridyll, nesten.
Det er godt å vere tilbake i London, sjølv om eg har hatt ein fantastisk flott påskeferie heime i Førde. Det har vore deilig å treffe att både vennar og familie. Og det har vore fantastisk å ha eige toalett og ei seng som er komfortabel.
God natt. Eg må jo nesten legge meg snart, om eg skal klare å overleve ein søndag med sightseeing saman med turistfamilien min.
Lyd: Klaxons - Golden Skans
Britpop! BRITPOP!
Skrive av Ronny, 15.04.2007, 01:25
Innlegget omhandlar i hovudsak: familiebesøk, London
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback

Ferske meiningar: