Fantastiske Magnet

På biletet ser du det beste landet vårt har å by på av musikk. Eg kan gå med på at A-ha sit på beste musikkvideoen, men ærleg talt. Magnet er ein sann helt. Og den nye plata, “The Simple Life” er eit like ekte mesterverk, som berre vert betre og betre for kvar lytt.
Eg måtte berre få sagt det.
I morgon skal eg til frisøren. Eg gruar meg litt. Dei to førre gongane har eg sett forferdeleg ut etterpå. Problemet er krøllene. Dei sprayar håret med vatn, til krøllene forsvinn, så finn dei fram saksa, og gjer det dei skal. Og så vert håret tørt, og eg gret over spilt mjølk og kaoskrøller.
Eg kryssar fingrane denne gongen.
Lyd: Magnet - Slice of Heaven
Magneten er ein helt, og dette er ein av dei beste frå den nye plata "The Simple Life".
Skrive av Ronny, 04.04.2007, 02:14
Innlegget omhandlar i hovudsak: magnet, musikk
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
5 kommentarar til “Fantastiske Magnet”
|
|
marita,
04.04.2007, 12:40 lykke til, du vert sikkert kjempefin :) |
|
|
Lindi,
04.04.2007, 13:54 Jeg har gått til anskaffelse av Magnets nye skive idag! :D Gleder meg til å høre på den :D |
|
|
tommy,
04.04.2007, 21:36 nydelig skive..little happier og slice of heaven er favorittene |
|
|
|
|
ronny,
08.04.2007, 13:23 Nå venter vi som leser bloggen din ivrig på resultatet av frisørtimen. Ble du seende ut som du fryktet? |

Ferske meiningar: