Ferjekai og fest

Det er frykteleg deilig å trekkje inn frisk luft att. Det er frykteleg deilig å sove i ei god seng. Og det er stor stas å sjå att kjentfolk.

Eg kom tilbake til landet på torsdag. Mamma og pappa møtte meg på Flesland, Bergen, då eg kom med flyet frå London sånn i 23-tida.

På veg heimatt til Førde, var vi eit kvarter for seint ute til 01-ferja frå Oppedal. Vi måtte difor pent vente nesten 2 timar på neste ferje. Eg nytta høvet til å ta nokre fotos, og å berre nyte det å vere heime i Sogn og Fjordane.

Fredag tok eg turen innom Rune sin nye bustad. Her vart det helde eit lite vorspiel før vi reiste på Tresken, for å sjå Nullskattesnylterne. Veldig bra konsert. Veldig bra!

Gårsdagen gjekk med til noko av det same. Eg, Ole, Leif og Stian sat i stova mi og tok nokre pils, medan vi mimra over gamledagar og diskuterte samferdsle.

Med andre ord har eg hatt ei strålande helg. No doubt about that.

Lyd: Moving Oos - Romancer
Nydeleg sak frå eit trøndersk musikkollektiv. Beståande av medlemmar frå mellom andre International Tussler Society, Nullskattesnylterne og Dadafon. Flott låt!

Skrive av Ronny, 01.04.2007, 17:34
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: