Sommarstemning med familiebesøk

“Vi skal til… Royal Lancaster… please”. Mamma klarte ikkje heilt å venne seg til å prate engelsk. Men det gjekk bra. I helga har dei vore på vitjing i London. Sola tok òg turen, og eg har teke på piratbuksa.

Det har vore ei herleg solfylt helg. Laurdag viste eg mamma, pappa, søstra mi Mona og veninna hennar, Andrine, dei mest kjende attraksjonane. Piccadilly circus, Leicester Square, Oxford Street og ymse anna. Det vart òg ein tur nedom Big Ben og London Eye, som verkeleg tok seg godt ut på kveldstid.

Søndag starta resten av familien dagen med ein tur på Madame Tussauds, og ein tur på slik ein Sightseeing-buss. Eg møtte dei, og vi tok turen innom Hyde Park. Helste på endene og svanene. Eg veit ikkje kor mange grader det har vore i dag, men det må ha vore meir enn dei meldte 24.
Etter Hyde Park gjekk turen til Covent Garden, før vi rusla nedatt til Leicester Square for ein god middag. Så bar turen heimom meg, på omvisning. På vegen stoppa vi på Holloway Road, for å kike på skulen eg går på, og for å ta ein titt på Arsenal sin stadion.

Vi har rett og slett fått med oss mykje på to dagar. Det har vore frykteleg kjekt å få lov til å vise fram heimstaden min denne våren til familien. No er eg sleten i beina.

Lyd: Maximo Park - Books from Boxes
Frå deira nye plate, titulert "Our Earthly Pleasures". Ei plate eg gler meg til å verte betre kjend med.

Skrive av Ronny, 16.04.2007, 01:09
Innlegget omhandlar i hovudsak: ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: