Staseleg Stonehengetur

Vi sette oss på toget, og tok turen på bygda, for å oppleve eit eldgammalt fenomen. Stonehenge.
Etter ein time og tjue minutt var vi i Salisbury. Herifrå tok vi ein buss ut til Stonehenge. Det heile var sjølvsagt gjort turistvennleg, og ein måtte betale kring ein 50-lapp for å komme inn på stien som guida deg rundt monumentet. Heilt kurrant, eigentleg, for på vegen fekk vi med oss ein artig liten audioguide, som informerte om både historia til, myter om og plassering av desse store steinblokkene.

Her kan du sjå Kathrine, som følgjer spent med på audioguiden sin.
Opplegget med stonehenge, er at ein haug med store steinar er plassert slik dei er, lenge før jesu tid. Ingen veit heilt kvifor, men det har vorte spekulert mykje. I gamle dagar trudde folk dette var eit slags tempel, men i nyare tid har forskning vist at dette monumentet kan fortelle mykje om astronomi. Vart det kanskje brukt som ein gjenstand for å få meir info om sol, måne og planetar?
Mytene skal imidlertid ha det til at djevelen, trollmannen Merlin, eller aliens har skapt opplegget. Kven veit?
Dersom du kunne tenkje deg å studere dette fenomenet kan du ta turen innom Wikipedia.
Vi tok i alle høve turen rundt, og eg tykte det var skikkeleg kjekt å studere saken, og å ta bilete av den.

Etter Stonehenge-turen reiste vi tilbake til Salisbury, kvar vi åt eit godt måltid på ein lokal pub. Temperaturen var fin, og sola titta innom, så vi sat ute. Deretter spasserte vi gjennom den lille byen. Mellom anna stakk vi innom den gigantiske katedralen, som viser seg å vere det byen er kjend for her i England. Den har faktisk høgste spiret i heile Storbritania. Der var gudsteneste på gang. Vi heldt difor ein låg profil, og sneik oss ut det vi trudde var bakdøra. Det viste seg då at det eigentleg var inngangsdøra, og at vi hadde teke turen inn i katedralen via bakdøra. Litt frekt kanskje?
Vi traska etter dette vidare gjennom ein by som såg ut til å slå leir for kvelden. Det hadde med andre ord roa seg ned. Vi gjekk difor til togstasjonen, og for tilbake til Lændn. Eg trur eg kan seie med sikkerheit at vi alle var samde om at dette var ein skikkeleg triveleg tur.
Eit bilete seier meir en 1000 ord, så eg skriv ikkje meir. Eg berre let deg kike på nokre av bileta eg tok på turen.
Sjå biletgalleri frå Stonehenge
Lyd: Apples In Stereo - 7 Stars
Kan eg kalle det indiepop? Ja, eg kallar det indiepop. Deilig indiepop, som verkeleg må nytast.
Skrive av Ronny, 26.04.2007, 05:18
Innlegget omhandlar i hovudsak: reise, salisbury, stonehenge, tur
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback

Ferske meiningar: