Vi betalte husleige i dag
Eg skal no fortelje deg ei lita historie. For å gjere det enklare å forstå historia skal eg først presentere nokre personar.
Først ønskjer eg å presentere EdOrtSac, som er eit firma vi leiger hus frå her i London. EdOrtSac er eigentleg to bedritne kvinner som jobbar på eit lite kontor, og som likar å ta imot store summar kontant.
Lat oss kalle dei noko som er litt lettare å hugse. Kva med “dei ubrukelege dretdamene”? Ja, det passar bra.
Vidare ønskjer eg å presentere Mr. Moss. Eg veit eigentleg ikkje kven Mr. Moss er, men han har ei sentral rolle i historia eg no vil fortelje.
Vi leiger hus av “dei ubrukelege dretdamene”. Vi betalar 32 000 i månaden. 4000 kvar.
Ein dag ringte det på døra. Amund opna, og der stod Mr. Moss. Han lurte på kvifor i alle dagar han ikkje har motteke husleige på to månadar. Han lurte òg på kvifor vi budde her. Amund forklarte at vi leiger hus av EdOrtSac, eller “dei ubrukelege dretdamene” om du vil.
Mr. Moss vart frykteleg provorsert av dette. Ikkje berre leigde kvinna han leiger til huset vidare. Ho leiger det ut for ein mykje større sum.
Mr. Moss sa at vi straks skulle slutte å betale til desse sjuke kvinnene. At vi skal betale rett til han i staden. Mr. Moss prata òg om å ta det heile til retten, dersom vi ikkje fekk tilbake depositumet og slikt.
Eit par dagar seinare møtast den eine ubrukelege dretdama og Mr. Moss i huset vårt, utan å informere oss på førehand.
Ho kan fortelje at ho ikkje har betalt han, fordi han ikkje har fiksa lekkasjen frå badet, som ho meldte frå om for lenge sidan.
Dei pratar og går rundt i huset. Mathias observerar frå sofaen i stova. Dei gjer ei slags avtale i bakgården. Det kjem tydeleg fram at Mr. Moss skal få litt meir pengar i månaden. Dei går sin veg, utan å seie noko. Når Amund ringjer Mr. Moss seinare på dagen, seier Moss at alt er i orden, og at vi skal halde fram med å betale til dei ubrukelege dretdamene.
Så, i dag har vi betalt husleige. Og det gjer skikkeleg vondt å gje frå seg pengar, når du veit at du vert svindla. Og du veit at dei veit at du veit. Men du kan ikkje gjere noko med det.
Lyd: Mark Ronson - Stop Me
Mark Ronson sitt album "Version" er utruleg tøft. Han tolkar songar av andre artistar på ein brilliant måte. Stop Me er ei tolking av The Smiths sin song med same namn.
Skrive av Ronny, 23.04.2007, 16:28
Innlegget omhandlar i hovudsak: 20 Alfoxton, husleige, London, lureri, sleipt, svindel, ubrukeleg
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
3 kommentarar til “Vi betalte husleige i dag”
|
|
Lasse,
23.04.2007, 17:19 haaaaaaaaaaaaaaha eg ler av alle som leiger ut leiligheter fatter du ronny ?? eg ler. LER . |
|
|
ronny,
24.04.2007, 16:32 føler med dere |
|
|
Glenn-R,
06.05.2007, 22:28 du hørtes ubrukelig ut her Ronny :) hehe.. vet dere hvor mye mr moss egentlig skulle ha? |

Ferske meiningar: