What a great Bloc Party!

I dag har vore ein nydeleg dag. Først grilla vi heime i govêret i Alfoxton, deretter sette eg og Sandra oss på tuben, og reiste frå heimen vår i nord, til Brixton i sør, for å få med oss Bloc Party live på Carling Academy. Og det heile var ein nytelse!

Sånn litt utpå ettermiddagen fyrte Amund opp grillen, og det var nok ein dag tid for kvalitetskos i bakgården med grilling, øl og fin musikk her i 20 Alfoxton.

Som du ser på biletet over, er Kathrine frykteleg inne i si eiga verd, kvar ho fokuserar på å grille maiskolbe.

Deretter bar turen til Carling Academy Brixton, og ein knakande god konsert med fantastiske Bloc Party. Det heile var utruleg bra. Eg er litt usikker på kva som var høgdepunktet. Kanskje “I Still Remember”. Må tenkje litt på dette.
Einaste minus med konserten var at eg tykkjer dei spelte for få songar frå nye plata.

Alt i alt, ei herleg oppleving.

Eg ønskjer forresten å leggje til at eg her om dagen kjøpte “I Still Remember” på eksklusiv Vinylsingel. To 7″ singlar faktisk. Med bonuslåtar og greier. Gler meg til å spele dei på platespelaren min i sommar.

På vegen heim fekk eg meg ein god latter på tuben. Ein noko sleten kar sovna på skuldra til Sandra. Eg tok sjølvsagt eit bilete av eventen.

Tjohoi! Nok ein digg dag i London!

Lyd: Bloc Party - I Still Remember
Eg har den på vinyl! Eg har den på vinyl! Og den eige!

Skrive av Ronny, 20.04.2007, 03:10
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

1 kommentar til “What a great Bloc Party!”

Sandra, 20.04.2007, 12:30

Sovemannen var ikke noe koselig:( men bra konsert da;) yeah

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: