Ein knust draum, og sure austblokktonar

Regntung torsdagskveld i London. Bulgaria opnar semi-finalen i Eurovision Song Contest, og ein forstår fort kvifor denne delen av konkurransen er gøymd vekk, heilt borte på BBC 3.
Danmark drar ein Dana International, medan Sveits og Dj Bobo serverar kalde gufs frå nittitalet. Israel vurderte å trekkje seg frå konkurransen, men eg takkar dei høgare makter for at eg fekk oppleve deira trekkspelhiphop.
Og så var det Guri då. Stakkars Guri Schanke, som fekk knust pikedrømmen sin. Eg ønskjer difor å beklage, Guri. Beklager for at eg berre stemte på deg to gonger. Eg trudde det ville halde.
Lyd:
Skrive av Ronny, 11.05.2007, 02:22
Innlegget omhandlar i hovudsak: London, mgp, musikk
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback

Ferske meiningar: