“Let’s drive to Brighton on the weekend!”

Eg, Henrik, Sandra og Trøkk tok turen til Brighton på onsdag, og for ein herleg idyllisk start det var på sommarferien!

Vi sette kursen mot Brighton med buss frå Victoria Coach Station klokka 11 på onsdag. På veg dit vart det overskya, og vi vart litt skeptiske til korleis sommar/badebyen Brighton ville funke med overskya vêr.
Når vi kom fram etter knappe to timar på buss, var der imidlertid ikkje ei sky på himmelen. Herleg varmt og deilig var det òg.

Vi traska ein tur på den flotte piren, kvar det yra med liv. Etter å ha spassert ut til enden, for å ta ein titt på det litt rustne og småskumle tivoliet der, gjekk vi innatt. Vi var svoltne, og bestemte oss for å trekkje vekk frå dei illeluktande Fish & Chips-bodene, og inn mot “City Center”, for å finne ein triveleg og billeg restaurant.

Vi fann oss ein triveleg uterestaurant, og fekk oss ein matbit. Deretter bar turen nedatt til den flotte stranda i Brighton, for litt soling og bading. Vatnet var faktisk eindel varmare enn kva eg hadde trudd, og etter litt tilvenning til temperaturen plaska vi rundt nedi vatnet som fire smått tilbakeståande ender, medan resten av strandgjestane denne dagen sat på land.

Etter dette herlege og forfriskande badet, naut vi livet på stranda ei god stund, medan vi prøvde å verte solbrente heile gjengen. Solkrem er for pyser, liksom.

Eg må imidlertid nemne at fleire av dei andre på stranda òg følte for å teste temperaturen i vatnet, etter oss. Kanskje vår livlege leik freista dei andre?

Etter strandbesøket vart det soft-is, sukkerspinn, og endå ein liten tur på piren, før bussen vår returnerte til London.

Det heile var ein fantastisk dag, og eg anbefalar alle som har moglegheit til det, å ta ein tur til Brighton. Det heile var ein fantastisk start på sommarferien.

Ei lita samling bilete frå turen vår.

Og ja, tittelen er ein referanse til Bloc Party sin flotte Waiting for the 7.18.

Lyd: Jamie T - Sheila
Utruleg kul sang frå Jamie T, som er på veg opp og fram i England.

Skrive av Ronny, 25.05.2007, 21:02
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

4 kommentarar til ““Let’s drive to Brighton on the weekend!””

Ronny-André, 28.05.2007, 01:15

Jaja Ronny, mens du koser deg i vannet, og nyter softis, så var jeg i Moss i dag og spiste softis. Dog ikke like varmt, men heller kjølig, overskyet og regn, men softisen håper jeg smakte like godt, om ikke annet.

Sandra, 28.05.2007, 04:12

og da legger jeg til en litt sånn happy-fjortiss-kommentar: I <3 Brighton:D for en fæntætic place:D

Henrik, 28.05.2007, 08:25

Følger opp Sandra! Så fiiiiiiine bilder! Kuuuuul tur!

Trøkk, 04.06.2007, 03:31

Kjempebra tur! Digg å endelig bade ute igjen!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: