What’s up, Alfoxton?

Barbeint er trendy, lekkasje er in og kjøleskap på rommet er digg. Det er på tide med ein liten rapport og nokre fotos, frå 20 Alfoxton Avenue!

Først og fremest kan eg melde om mykje regn i London siste dagane. Kanskje på tide, seier nokon, etter tørraste april sidan dei starta å loggføre vêret her i England, for 300 år sidan.
Regnet har riktignok fått konsekvensar for stakkars Sandra. Ho har oppdaga ein saftig lekkasje på rommet sitt, som etterkvart har sørga for eit luktproblem der inne. “Det lukter kompost!” ropar Sandra, og sprayar ned rommet med 3 typar luftrensar, parfyme og ymse vaskemiddel.

Vi er langt ute i mai allereie. I går fann nokon ut at det var på tide å bytte månad på vår kalender med flotte kvinner i små klede. Vi oppdaga då til vår store undring at mai har forsvunne på mystisk vis. Kvar kan mai-dama ha teke vegen. Det spekulerast heftig for tida. Kanskje har nokon vorte freista til å stjele den, slik at dei kan ha den for seg sjølv? Har du tips i saka, er det berre å leggje att kommentar under her.

Midlertidig løysing er å hoppe rett til juni, på kalenderen i gangen. Heldigvis er det framleis mai i stova.

Legg forresten merke til at denne kalenderen spelar oss eit puss. Her er kvardagane raude, medan helga er svart.
“Oi, så mykje heilagdagar dei har her i England i mai”, var kommentaren eg høyrde her om dagen.

Fredag kveld er tacokveld her i 20 Alfoxton. Dette har vorte ein flott tradisjon. Mykje tacoshells att etter middagen idag.

Eg flytta inn på nytt rom etter påske. Eg delar gamlerommet til Amund og Henrik, saman med Mathias. Eg tok eit lite bilete av tinga sin tilstand i stad. Ingen kan komme å seie at eg ikkje har god orden i sakene mine.

Eg og Mathias kopla opp eit kjøleskap her om dagen, som berre har stått borti hjørnet fram til no. Skikkeleg digg med eige privat kjøleskap på rommet. Trust me.

Mathias har forresten justert litt på temperaturen til kjøleskapet. Ingenting er så flott som vatn med store, flotte isbitar!

Til slutt, eit lite foto frå rett utanfor huset, ein tidleg, tidleg laurdagsmorgon i mai. Det går mot ein flott dag, følar eg.

I går leverte eg første eksamensproduksjonen på skulen. Ei webside i Flash. Bak denne ligg der MYKJE blod, svette og tårer. Ta ein titt på den:
Strikerz Bowling

Og, forresten. Ut ifrå bileta her ser det ut til at å vere bar på føtene er frykteleg trendy her i Alfoxton. Sjølv er eg hyppig brukar av mine flotte og deilige, gråbrune bestefartøflar. Men, så har jo eg alltid vore litt utrendy òg då…

Lyd: Manic Street Preachers - Your Love Alone Is Not Enough
Manic Street... er tilbake, og på denne flotte poplåta får dei vokalhjelp frå sjølvaste Nina Persson frå The Cardigans!

Skrive av Ronny, 12.05.2007, 06:51
Innlegget omhandlar i hovudsak: , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “What’s up, Alfoxton?”

Trøkk, 14.05.2007, 02:46

Det er faktisk ikke bare en mai-dame på kalenderen, det er 2. Men begge 2 er borte så det er jo et fett uansett…

Sandra, 14.05.2007, 21:02

GRRRRR TA VEKK DET STYGGE BILDET AV MEG!!!! JEG LÅ OG SOOOOV!!!!!!!!!!!!! grrrrrrrrrrrrr

Håvard, 14.05.2007, 21:49

Oh, barbeint? Her i Norge er det framleis rosa sokkar med påskrifta “tasty, nasty, sassy, naughty, flirt” som gjeld.

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: