… Men det endte ikkje der

Eg tok feil… Alt blir ikkje himmel i forhold til nattbussen. I alle fall ikkje turen heim frå Trondheim…

Etter å ha venta tre timar på flyplassen i Trondheim, kunne eg endeleg setje meg på flyet mot Oslo. Under denne turen kunne eg bekrefte ovanfor meg sjølv, at om eg ikkje har flyskrekk, så er eg iallefall litt småskjelven når eg er ute å flyr. Men det gjekk bra. Eg kom meg til Oslo.

Eg hadde to gode timar å vente her før Widerøe skulle ta meg med heim, i eit lite propellfly med knappe 40 seter. Ein tur som normalt tek 50 minutt. Timane gjekk greitt unna, og det var tid for ombordstiging. Flyet vart nesten fult denne kvelden. Klokka var 22:05 då vi rulla nedover rullebana på Gardermoen. Eg var stuptrøytt og kjempeklar for å møte senga mi att knappe ein og ein halv time seinare.

Vi letta. Steig oppover. Så plutseleg tok vi ein sving. Og så byrja vi fly nedover i staden for oppover. Interessant måte å ta av på, tenkte eg. Kapteinen kunne fortelje over høgtalarane at ei lampe framme i cockpit indikerte teknisk feil, og at vi straks måtte foreta ei landing. Eitt minutt seinare kunne flyvertinna, med ei dose humor, ønskje oss velkommen tilbake til Oslo Lufthamn Gardermoen. Eg lo ikkje. Eg jobba nemleg med å samle meg etter noko som grensa til hyperventilering.

Kapteinen kom ut i kabinen, og fortalde at dei korkje kunne, eller ville fly til Førde med slike lysande varsellamper. Vi vart difor bedne om å gå innatt i terminalbygget, medan flyet vart undersøkt av teknikarar.

Tjue minutt seinare kunne Widerøe konstantere at dette flyet måtte reparerast, og at dette ville ta fleire timar. Etter antydning til kaos, fekk eg, og ein del andre booka oss om til eit fly til Bergen. 23:30 sat eg difor klar i mitt tredje fly denne kvelden. Turen til Bergen var fin, og eg var vitne til vakker solnedgang utanfor vindauget, der eg sat, framleis smått anspent ved nødutgangen.

Kring 50 minutt seinare landa vi i Bergen. Her vart vi lova bakketransport vidare til Førde. Men siste ferja gjekk kvart på tre, og det byrja etterkvart å sjå mørkt ut for denne. Dei andre som skulle til Førde fekk ikkje bagasjen sin. Eg hadde berre med meg handbagasje og var eigentleg litt glad for det.

Rett over klokka eitt sat eg og fire andre godt plassert i ein liten taxi. Widerøe hadde sørga for at vi fekk med oss drikke på reisa, og sende oss avgarde, med håp om at vi klarte å rekkje ferga.

Og det gjorde vi. Akkurat.

Halv fem var eg heime i Førde. Klokka åtte måtte eg stå opp att for å gå på jobb.

No skal eg heldigvis vere her ei stund framover.

Lyd: Lomsk - Som Å Kome Heim
Ei fengjande flott låt som vert spelt mykje på P1 for tida. Eg likar spesielt godt banjofaktoren!

Skrive av Ronny, 28.06.2007, 00:30
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “… Men det endte ikkje der”

Henrik, 28.06.2007, 00:34

Takk for østlandet og muligheten for å komme seg fra “a til b” uten alt for mye styr sier jeg bare… Men jeg kjenner meg igjen… Har blitt noen slike turer på meg opp gjennom årene også… Bare tenker tilbake til den gangen vi dro hjem fra Skottland jeg Ronny. Hvem av oss to var det som hadde det verst da tro? :P

Trøkk, 29.06.2007, 20:26

Du er ikke akkurat heldig med reisene dine, men du kommer jo altid fram da..

Ronny, 15.07.2007, 17:11

Hehe. Ekje alltid lett nei. Men fram kjem man seg alltids. Til sjuande og sist har ein jo beina…

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: