Om det å ta nattbuss

Ei historie om svette polakkar og sure, gamle damer. Og så litt om kor trist man kan verte av å ikkje få sove.
Eg hadde i dag eit lite ærend i Trondheim, og sidan det ikkje passa sånn særleg godt å ta fly opp i dag tidleg, bestemte eg meg for å ta i bruk nattbussen som transportmiddel.
Eg steig ombord i bussen som gjekk frå Førde klokka 20:30, og skulle ende opp i Trondheim 06:45. I minnet hadde eg ein noko ubehageleg tur med ein slik buss frå Oslo til Førde. Men så ille kan det då ikkje vere å ta buss kvar gong, tenkte eg. Andre folk gjer det jo.
Eg fann meg eit sete eit godt stykke bak i bussen. Eg likar meg litt bak. Eg kan ikkje grunngje det, men slik er det altså. Her var mykje ledige seter då eg gjekk ombord, og eg fann meg eit høveleg eitt. To minutt etterpå kom det fire polakkar inn på bussen. Ein eim av sprit og svette la seg som eit ullpledd over bussen, og uheldigvis for meg, skulle det vise seg å lukte sterkast der eg sat, sidan desse fire polakkane plasserte seg strategisk bak, framfor og ved sidan av mitt sete. Ikkje nok med at det lukta dårleg omreisande tivoli. Dei var høglytte. Frykteleg høglytte. Dei nærast ropte til kvarandre, lo, heva stemma litt meir, endra plutseleg sinnstemning til noko som høyrdest meir aggressivt ut. Så fekk han eine telefon. Ringetonen minna meg om høgtalarmusikken på den Polsk-Tyrkiske nabosjappa i London. Eg trur faktisk det var same songen. Polakken tok telefonen, og sørga for at ikkje berre personen i andre enden, men heile bussen, kunne ta del i samtalen. For et volum. Eg er sjølv høglytt i sosiale lag, men dette tok verkeleg kaka. Heile kaka. Rubbel og bit.
Han var sint i telefonen. Eg veit ikkje kvifor, eg kan jo trass alt ikkje polsk.
Eg bytta sete.
Og polakkane fekk ein sarkastisk tone på praten sin. Så lo dei litt. Sikkert av meg. Eg kunne ikkje brydd meg mindre.
Mitt nye sete var mellom to eldre kvinner. Ei bak, ei framfor meg.
Dei vart skuffa, trur eg. For begge to hadde planar om å slå seg litt laus på bussturen. Lene seta tilbake. Setje frå seg ting og tang her og der. Dei hadde nok begge håpt at setet eg plutseleg hadde okkupert skulle stå ledig heile vegen, slik at dei fekk ekstra god plass. Sånn, om dei skulle trenge det.
Dama framfor meg prøvde stadig å dytte setet sitt så mykje bakover som mogleg. Det traff beinet mitt fleire gonger. Hardt. Skulle nesten tru ho ikkje tenkte over at eg sat bak der og hadde lengre bein enn ein dverg. Dunk, dunk, dunk, sa det, medan ho dytta bakover alt ho kunne. Eg skulle til å seie noko, men ho la seg til rette, og slutta å prøve å øydeleggje kneet mitt.
Då vi stoppa på Dovre i gode tre kvarter, såg eg mitt snitt til å kunne bli kvitt dei voldsomme smertene bussetet påførte rompa mi, ei lita stund. Eg gjekk ut av bussen. Traska inn på kafeteriaen. Kjøpte meg ein hamburgertallerken. Lo litt inni meg av den latterlege prisen. Jaja. Slik får det berre vere når nokon har monopol på ting. 40 kroner for fire desiliter brus ja. Morsomt.
Eg gjekk på do, handla meg ein Pepsi Max, gjekk innatt på bussen. Eg var ikkje akkurat forundra då eg oppdaga at det eigentleg ikkje var plass til meg i setet mitt lengre. Den gamle dama hadde løyst problemet med setet som ikkje ville lene seg bak. Det var jo berre å fjerne beina bak der, så kunne ho legge det så langt ned at det var like før alt blodet i kroppen hennar gjekk til hovudet på ho.
Ho hadde sjølvsagt sovna. Klart det, når du plutseleg har fått deg seng. Eg sa difor ikkje noko, og starta heller å eksprimentere med moglegheitane for å sitje sidelengs i setet, med beina ut i midtgongen. Det gjekk fint det, om eg ignorerte beltefesta som gnikka seg mot rompeballane mine. Dette kom til å verte ei god natt. Ingen veg utanom.
06:30 rulla vi inn på Sentralstasjonen i Trondheim. Eg, så trøytt at eg nesten ikkje kunne stå oppreist. Eg lo litt av meg sjølv då. Dumme, dumme Ronny. Når skal du lære at nattbussen syg? Når?
Eg nesten krabba inn på stasjonen, fant meg eitt sete. Sovna litt. Såg sikkert ut som ein narkotikamisbrukar. Oppdaga eit lyspunkt i kvardagen. Frokostbuffet. 69 kroner, så mykje kaffi eg kunne klare å helle i meg. Første opptur på reisa. Eg drakk kaffi til den nesten kom oppatt, åt både egg og bacon. Ja, tilogmed nokre brødskiver med ost. Ferskt, grovt brød. Du verda. Livet vart plutseleg lysare.

Deretter traska eg til næraste hotell. Fekk låne ein dusj. Opptur nummer to. Tok ein taxi opp til Camilla sin leiligheit. Meir kaffi, god stemning. Opptur nummer tre. Fekk gjort unna ærendet mitt. Triveleg, litt skummelt. Handla meg tre plater på Platekompaniet. Opptur nummer fire.
Og no skal eg fly heimatt. Må riktignok innom Oslo på vegen. Men det er framleis ein opptur. Alt blir himmel, slikt eit helvete som nattbussen var.
Lyd: Monomen - Drum of Glass
Norske Monomen er ute med debutplate. Eg skal kjøpe den. Radiosingelen er dritfeit!
Skrive av Ronny, 26.06.2007, 17:41
Innlegget omhandlar i hovudsak: kaos, nattbuss, reise, Trondheim, tur
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
5 kommentarar til “Om det å ta nattbuss”
|
|
Henrik,
26.06.2007, 18:43 Hehe, morsomt! Eller egentlig ikke, men allikevel: Morsomt! :) Hvordan gikk ærendet da? Siden det jo er tirsdag og jeg vet hva du fikk tilbud om å gjøre i Trondheim på tirsdag… |
|
|
Trøkk,
26.06.2007, 18:49 Høres ut som du hadde en riktig trivelig tur :D |
|
|
Ronny-André,
27.06.2007, 11:31 Jeg grøsser over tanken på mer enn en time på bussen.. Jeg tar buss hver dag til og fra jobb, og jeg blir for irritert på den lille tiden det tar.. Folk eier ikke hensyn på bussen! |
|
|
Espe,
17.07.2007, 10:51 Hehe hørtes ut som en morsom tur… Men hvordan har det seg at du måtte en liten tur “innom” oslo på vei fra Trondheim til Førde? Er jo en grei liten omvei da? |
|
|
Ronny,
31.07.2007, 19:11 hehe. Flyplassen i Førde har avgangar til Bergen og Oslo. Difor. |

Ferske meiningar: