Sommarferie i Lændn!

Det er så utruleg deilig å kunne la alt anna segle sin veg, og å berre konsentrere seg om å oppdage London.
Bilete seier meir enn tusen ord. Eg har samla bilete tilsvarande nesten 20 000 ord, for å vise deg livet mitt i storbyen for tida!

På det øvste biletet ser du Henrik, meg, Kathrine og Sandra, i eit forsøk på å gjengje eit historisk The Beatles-cover utanfor Abbey Road Studios.

Her ser du meg og Sandra på tuben, og ærleg talt. Sjå kor tøff eg er! Herregud, det skulle då verkeleg ikkje vere mogleg.

Sandra på Primrose Hill. Ein liten bakketopp ved Regent Park, kvar ein har flott utsikt over the London Skyline. Vi tok turen dit på laurdag, for å sjå på utsikta, og for å oppdage ein av dei finare delane av London.

Etter besøket på Abbey Road på tysdag bestemte vi oss for å stikke til Hampstead. Hovedsakleg grunna den berømte parken der, Hampstead Heath.

På tuben, på veg dit, oppdaga eg at VisitNorway nok ein gong har teke av med reklamering for heimlandet i London. No kan dei via 3 eller 4 ulike reklameplakatar, melde at det framleis er plass til deg i Noreg i sommar, om du ønskjer å ta turen.

Etter å ha rota rundt både her og der, utan å finne parken, og medan uvêret banka på døra, kom vi endeleg fram til parken. Det første vi la merke til då vi kom dit, var at Hampstead Heath likna veldig på parken vi ser i filmen “28 weeks later” (som du forresten anbefalast STERKT å få med deg, etter at du har sett einaren, “28 days later”. Den har premiere i Norge i september.) Og det stemmer. Utsikt over London er filma i denne parken i filmen. Så, der befant vi oss på ein øde location for ein spelefilm om zombiar og eit utrydda London. Skummelt? Åneida, der var jo sol og greier.

Vi farta rundt i denne parken ei stund. Nokon klatra i tre, andre urinerte bak busker… Jada, det var meg. Vi hadde høyrd rykter om at denne parken hadde ei endå betre utsikt over London enn kva Primrose Hill hadde, så etter litt leiking i trea gjekk vi oppover ein liten sti, på jakt etter eit utkikkspunkt.

Og vi fant det! Her følgjer nokre bilete derifrå.

Utsikt. Litt av den i alle fall.

Gjengen, untatt Bente, som tok biletet. Bente har forresten tatt alle dei flotte bileta som eg er med på her. :D

Det du ser her, er Kathrine som tek bilete av utsikt. Bak ho står Sandra på henda, medan Henrik igjen tek bilete av Sandra.

Kathrine, Bente og Sandra.

Sjå på den gjengen der…

Etterkvart kom regnet. Som du ser på bileta over, var det ganske like før i parken, men det gjekk fint.

Etter parkturen tok vi buss til Archway. Planen no var å finne oss ein triveleg pub, kvar vi kunne ta oss eit par øl og prate litt.
Vi fann ein pub. Eg er sanneleg ikkje sikker på kva den heiter, men triveleg var den.

May var barvertinne, og for ei triveleg dame! Ho var utruleg hyggjeleg, og hadde folkeskikk av ekte engelsk klasse. “Thank you darling”, sa ho når vi betalte, og vart utruleg takksam for tips frå oss. Då vi kom tilbake i går kveld kjende ho oss att, og helste, spurte om vi hadde det bra, ga oss betre service enn resten av puben.

Eg trur eg har funne meg ein favorittpub. Litt seint kanskje, men likefult ein favoritt. Billegg Guinness, jukebox med godt musikkutval, god stemning og hyggjeleg bartendar.

London er rett og slett fantastisk for tida, og endå har eg ei veke på meg, til å utforske resten av byen. Sandra har reist heimatt, noko som betyr at vi eigentleg er sju i huset, men Bente er på besøk, og Christine har besøk av broren sin, så vi er vel praktisk talt ni no. I helga kjem nokre vennar av Mathias på besøk. Då er her tolv innbyggjarar i DMPro Mansion. Ny rekord, trur eg.

Lyd: Arctic Monkeys - Do Me A Favour
Arctic Monkeys er ute med sitt andre album. Fantastiske "Favourite Worst Nightmare" er verdt ein lytt, og denne songen er ein av dei betre!

Skrive av Ronny, 01.06.2007, 03:52
Innlegget omhandlar i hovudsak: , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “Sommarferie i Lændn!”

Ronny-André, 02.06.2007, 21:08

Jeg vil også på koselig brun britisk pub :(

Sandra, 03.06.2007, 21:54

aaah. så koselig det er å se på bilder;) veldig bra utvalg ronny:D koooz<3 :P

Torstein, 06.07.2007, 12:07

hehe jævla bra gå pose. klassisker, HF (highfive)

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: