Ei veke og litt til i Trondheim

Eg har vore her i trønderland i litt over ei veke. Eg har allereie opplevd ein del.

I helga har eg vore sosial. Nytt utsikt, drukke kaffi og sett film hjå Vegard. Stor stas! Vi tok òg turen på kino, og fekk med oss filmen “Blacksheep”. Ein umiddelbar klassikar om sauer som drep alt og alle på New Zealand. Taglinen er liksom:
“There are 40 million sheep in New Zealand and they’re pissed off!”

Fantastisk!

Ellers har eg nytta dei høva eg har hatt til å utforske byen. Førebels er Platekompaniet den einaste plassen eg veit nøyaktig kvar er. Eg kan navigere meg til Bakklandet derifrå, og så kan eg sikkert finne dei viktigaste plassane i sentrum om eg legg godvilja til. Godt å vete er det uansett, at der er store moglegheitar for å få tak i parmesan i Dronningens gate.

Eg trur eg kan komme til å like denne byen særs godt etterkvart. Førsteintrykket er i alle høve upåklageleg.

Måndag fann eg, Torfinn og Stian, som utgjer P3 sin nattredaksjon ut at vi skulle byggja litt lag. Eller teambuilde om du vil. Noko slikt. Eg og Torfinn møttest utanfor NRK, og skulle traske ned til Stian. Vi støtte fort på eit stort problenm, for det tordna noko heilt grusomt, og etter torden kjem gjerne regn. Mykje regn. Det hølja ned, så vi måtte søke tilflukt utanfor døra på eit vilt framand hus. Det var heilt sjukt kor det regna, så vi bestilte drosje. Medan vi venta kom ei jente forbi, klissvåt, og bærande på ein pose som klirra litt. Ho spurde om vi visste kvar gata ho skulle til var, vi visste det sjølvsagt ikkje. Eller…
Eg visste det ikkje. Det er godt mogleg at Torfinn visste det veldig godt, men berre ville vere slem.

Det heile endte med at jenta, som hadde starta på nytt studium og var på veg til faddervors, vart med på det sosiale laget i det framande inngangspartiet. Vi prata om laust og fast, eigaren av huset, som òg var ny trønderstudent kom ut for å ta i mot vennen sin som kom på besøk. Han tykte det var heilt greitt at vi gøymde oss for regnet på trappa hans.

Taxien lot vente på seg, og då eg ringde andre gongen fekk eg litt kjeft for ikkje å ha møtt opp på riktig plass då bilen var der. Eg sa at eg eigentleg var på rett plass. Dama spurde om eg var sikker. Eg modererte meg til å seie at kvar den korrekte plassen var, kunne tolkast.

Ein ny taxi kom, den trivelege studentjenta fekk sitje på til gata si, guten i huset fekk fred, og eg og Torfinn kom oss fram til slutt.

Etter eit par øl og litt prat hjå Stian for vi vidare til utestaden Credo, kvar den britiske punkpoeten Atilla the Stockbroker heldt nokon som kan kallast både standup, konsert og diktlesing. Det heile var hysterisk morsomt. Stian spanderte Fernets… Tysdag var ein dårleg dag på jobb, gitt.

Atilla the Stockbroker ryktast det forresten at dukkar opp i P3 Natt utover hausten. Vi får sjå…

Til slutt i denne litt vel lange bloggposten skal eg leggje ut eit lite bilete av kontoret til nattredaksjonen. Bakerst kan du skimte verdenskartet til Tore på Sporet.

Lyd: Shout Out Louds - Tonight I have to Leave It
Svenske Shout out Louds minnar om The Cure. Songen er produsert av Bjørn frå Peter Bjørn and John. Og for ei stemning! Dans på bordet, då du!

Skrive av Ronny, 15.08.2007, 21:11
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

1 kommentar til “Ei veke og litt til i Trondheim”

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: