Four seasons in one day

Her om dagen, då eg gjekk på jobb, var himmelen skyfri. På vegen bort til NRK gjekk ein mann forbi meg. Med seg hadde han ein paraply. Eg lo litt, og omtalte det seinare som toppen av negativitet.
Det var det slett ikkje. Det var berre typisk Trondheim.
For eg trur aldri eg har sett så kraftig regnvêr før den dagen. Det regna alle vegar. Alt var vått. Sjuke tilstandar.
- Her i Trondheim kan du oppleve alle årstidene på ein dag, sa Kari Sørbø til meg ein dag vi møttest på jobb. Eg svarte at, joda, dette var no løgne greier.

Leif har flytta inn. Det er triveleg med selskap, sjølv om selskapet mitt ler så han nesten ikkje får puste, av Americas Funniest Home Videos. Og så nynnar han på noko dårleg trancemusikk. Ellers er han triveleg å bu med. Eg trur det hadde vore nærast perfekt om TVNorge kunne plassere desse heimevideoane frå Amerika tidlegare på dagen.
På jobben skjer det verkeleg mykje om dagen. Både nattradio, tidleg morgonradio og søndagsradio produserar eg. Det er frykteleg spennande.
Søndag kveld skulle eg sende fire timar direkte, mellom 18:03 og 22:00. 17:59 skulle eg berre nett ut i P3-lokala for å hente meg eit glas vatn. Smekk sa det, då eg gjekk ut av studio. Døra hadde gått i lås, og nøkkelkortet mitt låg i jakkelomma… Inne i studio. Dagsnytt byrja, 3 minutt akkurat til eg skulle på lufta. Kaos i hodet. Eg var liksom sopass nervøs frå før av at eg skalv og fraus. Og no stod eg der, med eit glas vatn i handa, utanfor studio.
Eg trur faktisk eg såg skikkeleg dum ut der og då.
Heldigvis var der folk på jobb på Teknisk Sentral. Dei kom springande til unsetning. Låste opp, slapp meg inn, og så lo dei litt av panikkanfallet mitt.
Ellers gjekk sendinga fint. Eg fekk inn masse flotte tekstmeldingar, og der var god stemning all the way.
I natt står ei ny nattsending for tur. Når den er ferdig, klokka 2 i natt, skal eg setje meg ned ved sidan av kaffitraktaren. Der skal eg supe kaffi til klokka 6, og så blir det spennande å sjå korleis det går når eg skal på lufta då. Kollega Torfinn har putta ein hundrings på at eg får kaffisjokktourettes. Stian har putta same beløp på at der er stille på lufta 3 over 6.
Blir spennande å sjå. Eg har putta hundringsen min på ein boks kaffipulver.
Mon tru om det er haust ute. Joda. Det regnar visst no.

Lyd: Plain White T's - Hey There Delilah
Endeleg ei flott lita ballade.
Skrive av Ronny, 28.08.2007, 20:19
Innlegget omhandlar i hovudsak: Americas funniest home videos, haust, jobb, Leif, Trondheim, vêr
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
2 kommentarar til “Four seasons in one day”
|
|
anne,
28.08.2007, 21:09 hehe eg må virkeli begynde å høyre meir på radio!!! |
|
|
Ronny,
29.08.2007, 23:34 :D |

Ferske meiningar: