Flottflott helg

Trondheim vert berre betre og betre!
Fredag tok eg, Leif og Jo Daniel turen ned i sentrumsområdet for å få med oss bursdagsfesten til Camilla. I leiligheita til Camilla var der samla mykje folk. Alt for mange i forhold til arealet som var til rådigheit. Og så var hunden hennar der. Jako, heiter den. Eg mistenkjer at den er oppkalt etter sjølvaste Michael Jackson. Eg ser føre meg at Camilla har brukt mange timar framføre spegelen, på desperat jakt etter noko som kan likne på stilen, tonefallet og dansen til Michael. Eller Jacko, som ein gjerne kallar han. Han vart i alle fall kalla det på 90-talet.
Fredagskvelden var uansett utruleg artig! Eg stortrivdest. Eg trur alle hadde det kjekt. Stemninga var i alle høve deretter.

Eg nyttar sjølvsagt alle høve eg får for tida til å teste fotokameraet på min nye mobil. Med vekslande hell. På dette biletet ser du Daniel og Jo Daniel. Nesten navnebrør. Daniel er broren til Camilla. Triveleg kar.

Camilla og Leif på utestaden Blæst. Bra plass!

Laurdag tok eg, Leif og Jo Daniel turen opp i toppen av Tyholttårnet. Det var på tide med noko relativt digg mat. Utsikta der oppe er veldig bra på dagtid, men når mørkret har kasta seg over landskapet, vert det heile frykteleg idyllisk.

Dette vart ikkje eit godt bilete, men det formidlar i det minste litt stemning. Eg og nye mobilkameraet har ikkje heilt funne tonen endå.

Søndagen gjekk med til å sove lenge, og på kvelden var eg på jobb. Det er utruleg kjekt å lage radio på søndagskvelden. Eg tykkjer faktisk det er ei herleg og avslappa avslutning på helga. Hah, det hadde du ikkje trudd, kva? At nokon i heile verda kunne like å jobbe søndag kveld? Joda. Eg diggar det.
Lyd: Rilo Kiley - Silver Lining
Herleg. HERLEG SEIER EG!
Skrive av Ronny, 25.09.2007, 00:22
Innlegget omhandlar i hovudsak: Camilla, fest, Jo, Leif, Trondheim, Tyholttårnet
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback

Ferske meiningar: