Kaffikaos i kalde nord

Trondheim er ein kald by. Ikkje psykisk, altså. Berre i grader. Eg drikk kaffi over ein låg sko, dagane går unna som ekspresstog og Leif viser nye sider.

Det er kaldt her oppe. Noko heilt anna enn hausten eg opplevde i Halden i fjor. I alle fall frykteleg ulikt vinter i London. Logisk nok. Eg klagar litt over at det er kaldt, og at det regnar mykje, men det er ikkje så grusomt som eg gjerne får det til å høyrast ut som. Det er eigentleg heilt ok. På regntunge dagar prisar eg meg lukkeleg over at eg bur fire minutt med gange unna jobben. Eg har jo trass alt rota vekk både min, og Leif sin paraply. Dyktig som eg er.

På arbeidet renn timane unna som vatn i oppoverbakke. Det er mykje å gjere, men eg diggar det. Eg har det heilt fantastisk på jobb! Det er så kjekt å lage radio! Det er så kjekt å verkeleg like all musikken du spelar på radioen. Det er befriande å kunne legge til ord som “fantastisk”, “flott”, “nydeleg” og “herleg” i samanheng med annonsering av omtrent alle songar som vert spelt. Hurra!

Ikkje nok med at sjølve arbeidet er bra. Eg jobbar saman med geniale folk. Dei er kreative og engasjerte.

I heimen byrjar ting å falle på plass. Alt er flott, ingenting kan klagast på. Eg og Leif har byrja trene på Sats rett nedi gata her. Leif blir faktisk ein heilt annan person så fort han set føtene innanfor treningsstudioet. Andletet vert kledd i eit noko fårete glis, han vert frykteleg optimistisk, og nesten skummelt entusiastisk.

Eg kan ikkje akkurat seie at eg føler meg eitt hundre prosent trygg når eg ligg på benken og skal løfte tunge vekter, og ellers rolege og avbalanserte Leif vert raud i ansiktet, medan han ropar “DU KLARAR EIN TIL! JO! EIN TIL SA EG! TO TIL! TO TIL! TRE TIL! NO TEK DU FEM TIL, EG SKAL HJELPE DEG!”

Han vert rett og slett militær i stilen, og avsluttar gjerne med “Du kunne jo klart minst fem til. Ærleg talt, Ronny!”

Så kjem etterkvart happyoptimisten tilbake. “Neste gong…”

Han er eigentleg ein frykteleg hyggjeleg fyr. Det er berre akkurat dei sekunda, medan vektstenger har sagt farvel til festet.

Men ellers er alt på stell. Ny telefon, eitt år eldre. Glad, tvers gjennom.

Lyd: Monzano - Poster Boy
Endte tilfeldigvis opp på konsert med Monzano førre veke. Denne låta er sjukt bra!

Skrive av Ronny, 20.09.2007, 22:59
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “Kaffikaos i kalde nord”

Amund, 20.09.2007, 23:12

Det begynner å bli kaldt her i Østfold også, og jeg liker det ikke… Fint å se at du koser deg langt der oppe i nord, selv om du aller helst skulle flytta tilbake til Østfold og lagd litt liv her nede! ;)

Kathrine, 21.09.2007, 17:02

Fint å høre at du har det bra i barteland ronny!
Du måååå komme til Halden snart!
Miss you darling ;) hehe

Sandra, 24.09.2007, 22:24

Høres ut som du har det artig for tiden, og det bra ronny-ponny. men husk at oslo bare er en togtur unna;) i miss u like crazy!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: