Writings on the wall

I dag, då eg var ute på tur, oppdaga eg denne klare beskjeden på ein murvegg. Det er tydlegvis ikkje berre hasj, hip hop og homohat som vert promotert ved hjelp av tagging i Trondheim.

Sjølv om eg tykte dette var eit morrsomt bodskap å klistre til betong, vart det slett ikkje fisk til middag i dag. Det er jo trass alt tacofredag. (Takk Mathias, for denne flotte tradisjonen!).

Eg og Leif hadde begge fri idag. Eller, eg hadde fri. Leif har berre byrja skulke skulen.
Vi tok turen til sentrum, og kan no skryte av å eige både kaffitraktar og stereoanlegg. Digg! DIGG!

Eg vil gje deg eitt tips i dag. Eg skriv det her på verdsveven, i staden for å gnikke det oppetter ein vegg. Høyr Cruisern på P3, laurdagsføremiddagane mellom 10 og 12. Torfinn tek med seg to konkurrerande menneske på ei geografisk reise innanfor populærkulturen. Det er spennande, det er engasjerande og det er lærerikt! Genialt, rett og slett.

Lyd: Rilo Kiley - Under the Blacklight
Flotteflott låt, må eg få lov til å seie. Jenny Lewis i spissen og stor stemning. sjekk ut.

Skrive av Ronny, 01.09.2007, 00:59
Innlegget omhandlar i hovudsak: , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: