“Dancing in the backyard”

Det var stappfult i storsalen på Samfundet, Pål Angelskår seier det er første gongen. Han seier dei difor har lyst til å spele lenge. Det gjorde dei. To timar, trur eg det vart.
Og då heile salen sang med til “Dancing in the backyard”, som kanskje er den beste norske songen nokonsinne, då var liksom kvelden komplett for meg. Bandet såg ut som dei trivdest, og etter endt song, og vill applaus, tok dei like godt refrenget eit par gongar til, saman med eit kor på kring tusen personar.
Lyd: Minor Majority - Dancing in the Backyard
Beste norske?
Skrive av Ronny, 09.10.2007, 19:29
Innlegget omhandlar i hovudsak: konsert, minor majority, musikk, Trondheim
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback

Ferske meiningar: