Herleg helg i hovudstaden

På fredag var det ut-på-tur-stemning her i sokkelleiligheita på Tyholt. Alle saman, altså eg og Leif, sette kursen mot hovudstaden for festlegheitar og Arcade Fire live.
Det var deilig å setje seg på toget mot Oslo, medan snøvêret var i ferd med å kle heile Trøndelag i kvitt.
Der nede i sør var det varmare. Og tørrare. Vi slo leir i stova til Ørjan, Tommy og Jan Ove. Ei triveleg stove om eg må få seie det sjølv.

På biletet over ser du Mathias i energisk, sosial omgang. Truleg med meg og Sandra.
Laurdagskvelden vart særs triveleg. Der var god stemning, og eg kan stadfeste at utelivsbransjen i Oslo ikkje ser ut til å slite med dårleg oppslutnad.

Søndag, etter ei natt i sovepose på sofaen på Grønland, var det tid for det store høgdepunktet denne helga. Arcade Fire frå Canada skulle spele musikk i levande live på Oslo Spektrum. Og der sat vi, med billettane i handa, sitrande av spenning. Vi heldt på å eksplodere av forventningar heile gjengen. Dei vakre albuma “Funeral” og “Neon Bible” gjekk seg glovarme på stereoanlegget. Tommy prøvde desperat å overbevise seg sjølv, og oss andre, om at det kanskje ikkje var sånn veldig lurt å byggje opp skyhøge forventningar. Eg var einig. Konsertar der du får ei positiv oppleving er dei beste. Eg prøvde å roe meg. Det gjekk ikkje. Tenk, eg skulle snart få nyte musikken til skaparane av to av dei vakraste albuma i samlinga mi.
Og så stod vi der. I eit nesten fult Oslo Spektrum. Ikkje snakk om at eg klarte å roe forventningane. Dei kom på scena. Dei leverte ein heilt sjuk konsert. Gåsehuda breidde om seg, og eg vart litt klar i auga både no og då. Det heile var tvers gjennom fantastisk. Eg var i lykkerus etterpå.
Dagbladet ga konserten terningkast 3, under overskrifta På nødbluss (haha, humor liksom. Arcade FIRE… Nødbluss. Hohoho!).
Anders Grønneberg i Dagbladet må då verkeleg ha stått på utsida med øyret godt planta inn mot veggen.

Lykkerusen varte godt ut i mandagen, og heile vegen oppatt til Trondheim. Her vart idyllen imidlertid broten av at det i dag har lagt seg snø overalt, og eit heftig islag på alle vegane.
Alt for tidleg.
Men ok. Då er det greitt å setje seg inne, fyre opp noko golvvarme, ein kopp pulvertoddy og kanskje eit pledd. Og så kan eg jo berre setje på noko Arcade Fire. Veldig høgt.
Lyd: Beirut - Scenic World
Fantastisk vakker låt. Sjarmerande keyboardrytmeboks og greier.
Skrive av Ronny, 06.11.2007, 22:46
Innlegget omhandlar i hovudsak: arcade fire, konsert, musikk, Oslo, snø
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
4 kommentarar til “Herleg helg i hovudstaden”
|
|
Ørjan Bruland,
06.11.2007, 22:50 Kan ikkje forstå at Dagbladet ga ein 3′er?? Han Anders Grønneberg må virkelig vere bakfull fra laurdagen… |
|
|
Mathibass,
06.11.2007, 22:56 Han på bilde nr. 2 var skikkelig snerten! Så ut som lørdagskvelden var best, ja.. ;) |
|
|
Sandra!,
07.11.2007, 00:17 koooselig med besøk av ronny (OG leif seff) hihi |
|
|
Ronny,
08.11.2007, 23:35 Veldig koseleg å vere på vitjing òg. Kjekt å sjå dykk alle att. |

Ferske meiningar: