Ny norsk nytelse
Det beste i livet er gratis, seier folk. Ein kan diskutere kor vidt dette stemmer, men ein ting er sikkert:
Den beste, nye, norske musikken får du som mp3-fil på komputeren din, utan å betale noko som helst!
Her er nokre låtar, som du finn som flunkande flotte mp3-filer på nrk.no/urort.
Magnus Sinnes – My Scarlet, My Violet
Trøndelag er visst meir enn berre DDE. Magnus Sinnes frå Trondheim har fått ein velfortent plass på P3 sine spelelister med denne tvers gjennom nydelege låta!
Last ned songen eller besøk Urørt-profilen.
Howl – Repeater
Ah! Flott poprock-låt frå Oslobandet Howl. Sjekk ut og nyt.
Last ned songen eller besøk Urørt-profilen.
Monzano – Streams
Monzano har vorte omtalt som dei som skal redde norsk indiepop. Dei er ute med eit nydeleg album som dei har kalt “High Horses & One Trick Ponies”, på det pittelille plateselskapet “How is Annie Records”. Denne songen er frå plata, og er definitivt eitt av fleire høgdepunkt. Alle songane på Urørt-profilen anbefalast på det sterkaste. Albumet anbefalast på det sterkaste.
Last ned songen eller besøk Urørt-profilen.
Lukestar – White Shade
Er danske Mew musikalske gudar, seier du?
Då vil du nok oppfatte Oslobandet Lukestar som Jesus. Knallåt!
Last ned songen eller besøk Urørt-profilen.
My Little Pony – MacGyver Blues
Ein gong drøymde eg om å bli stjerne, som frontfigur i bandet Ronny and the Lost Ponies. Det vart med draumen, og no har eit anna band med ponnirelatert namn skapt seg eit namn i Urørt-land. Dei lagar diggdigg kosepop, og denne låta er ein hyllest til fjernsynskjendisen som reddar verden med ein binders og noke teip. My Little Ponies er visst sikre på at at MacGyver ikkje er død.
Last ned songen eller besøk Urørt-profilen.
Moddi – Rubbles
Ein slags norsk Sigur Ros? Moddi held til på Senja, og lagar stemningsfull musikk, mellom anna med trekkspel. Moddi har vorte kåra til Ukas Urørt på P3, og dette er eit vakkert stykke musikk, berre du vert kjent med låta. Gjev den ein omgang eller to i spelaren.
Last ned songen eller besøk Urørt-profilen.
Lyd: Ida Maria - Stella & God
Årets Alarmprisvinnar, Ida Maria sin nyaste. Kongelåt, men ikkje utgjeve endå, desverre. Fram til plata kjem (som visstnok har forsvunne i evakuering grunna brannane i California) kan låta nytast på linken over, og på P3.
Skrive av Ronny, 07.11.2007, 21:58
Innlegget omhandlar i hovudsak: gratis, howl, musikk, norsk, urørt
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
1 kommentar til “Ny norsk nytelse”
|
|
Ben,
12.11.2007, 13:48 Wow! Gjett om eg skal på My little ponies konsert i Bergen!=) |

Ferske meiningar: