Festleg feiring i London!

Eg tok likegodt nyttårsfeiringa i den deilige storbyen.
Det var god stemning då eg, Rune, Asbjørn, Ørjan og Geir Ove sette oss på nattbussen til Oslo laurdag 29. desember. Då vi etterkvart oppdaga at bussen ikkje hadde fått betre standard sidan sist vart stemninga brått litt dårlegare.
Då vi kom fram til Oslo morgonen etter vart stemninga god att. Då vi sette oss på flybussen til Torp datt den nok ein gong eit par hakk. Då vi kom til flyplassen auka den igjen, og så gjekk den like mykje nedatt ( i alle fall for min del) då vi sette oss i eit trangt Ryanair-fly på veg til Stansted, London.
Eg har tydlegvis opparbeida meg ei lett form for flyskrekk. Det hjalp ikkje at eg sat ved sidan av Rune, som har endå meir flyskrekk enn meg.
Men endeleg var vi framme i deilige, deilige London, som eg berre vert meir og meir glad i. Totalt var 17 personar innom reisefølgjet vårt.
Vi fann oss ein koseleg pub kvar vi fekk kjøpt billettar til lukka nyttårsfeiring, sjølvsagt mot at vi lova å ta på finstasen.

Nyttårsafta kom, og det vart etterkvart god stemning på The Longachre kvar vi oppheldt oss. Lokala vart fulle, og det vart jammen dei fleste gjestane òg. Klokka bikka 23, det tikka inn eit par nyttårsmeldingar frå heimlandet, kor det nye året hadde komt ridande som ein flott hest. Vi byrja etterkvart gå nedover mot elva der nyttårsmarkeringa skulle foregå. Problemet var berre at det var kring 1,5 millionar menneske på veg dit. Eit stort fleirtal av desse var allereie på plass. Gatene ned mot elva var sperra av. Det var umogleg å komme seg til elva, og til fyrverkeriet. Vi måtte ta til takke med Trafalgar Square og ein storskjerm. Heldigvis for meg hadde ein kar rett borti folkemassa fått smugla med seg noke fyrverkeri heimefrå, som han skaut opp til vill jubel frå oss tilstades.
Det var ein skikkeleg bom der, altså. Ein skuffelse. Då var det godt vi haddde stempel, og moglegheit til å komme innatt på uteplassen etterpå, sidan der på dette tidspunkt trass alt var 1,5 millionar feststemte i gatene.
Erik, eller Trøkk, som eg kallar han, fekk riktignok med seg heile fyrverkeriet frå St. James Park. Den sniken/heldiggrisen/luringen.
Ein litt skummel ting:
På den eine båsen på herretoalettet på uteplassen vi var på på nyttårsafta stod følgjande skrive:

Jaja, det gjekk no fint med oss alle.
Utanom heftig feiring av nyttår var det deilig å vere tilbake. Vi vitja 20 Alfoxton Avenue, plassen vi budde på før. Vi åt frykteleg mykje god (og dyr) mat. (Eg trur måltidet mitt på nyttårsafta med drikke kom oppi 50 pund… Du kan jo gange det med 11,3 sjølv.) Vi hang oss på livet, vi møtte britar, vi handla. Det heile var rett og slett ei deilig ferieoppleving, i den deiligste byen.

Asbjørn, Rune, Jo, Ørjan og Geir Ove på Piccadilly Circus, for anledninga under oppussing.
Eg kjenner no i ettertid at eg er strålande nøgd med turen, sjølv om vi aldri såg fyrverkeriet. Sjølv om eg pådrog meg, og truleg har smitta alle med forkjølelse. Sjølv om heimturen var grusom, og varte i 24 timar. Oppholdet i LÆNDN var idyll frå ende til annan. Takk Asbjørn, Rune, Geir Ove, Kathrine, Trøkk, Henrik, Jo, Amund, Bente, Mathias, Ørjan, Sandra, Eirin, Marit, Marthe og Ole Morten. Takk for ein knakande god tur!
Sjå bilete (stort sett teke utan blits i altfor mørke rom) frå turen!
Lyd: Bloc Party - Flux
Det var først då eg vakna i London, til denne songen at eg først innsåg kor ufatteleg bra den eigentleg er! Gud hjelpe meg for ein energibunt av ei låt!
Skrive av Ronny, 07.01.2008, 18:22
Innlegget omhandlar i hovudsak: Amund, Asbjørn, Bente, Geir Ove, Henrik, Jo, Kathrine, London, Mathias, nyttår, reise, Rune, stemning, Trøkk, tur, Ørjan
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
2 kommentarar til “Festleg feiring i London!”
|
|
|
|
Trøkk,
14.01.2008, 16:36 Takk for turen selv Ronny! Veldig bra feiring av nyåret synes jeg. Og av de alternativene du lister opp om meg, går jeg for luringen ;) |

Ferske meiningar: