Musikken eg elska i 2007
Eg har gjort eit forsøk på å rangere dei musikalske intrykka eg fekk i løpet av fjoråret.
Mine favorittalbum, 2007:
I tilfeldig rekkefølgje.
The Arcade Fire – Neon Bible
Eg bestilte den på internett. Ein dag vi hadde fri frå skulen, stod eg opp litt seint, gjekk ned i stova i det skitne, gamle huset i Nord-London. Eg åt litt frukost, la merke til at eg hadde fått post. Eg tok med meg pakken opp på rommet, sette meg i senga, skrudde på macen, pakka plata ut av pappcoveret, putta den i cd-spelaren. Og så berre hugsar eg at eg smilte. Eg hugsar at det kribla i magen, og at eg hadde gåsehud. Eg hugsar at eg forutan “Keep The Car Running” som eg hadde høyrd på radio, la merke til “Intervention”, “The Well and the Lighthouse” og “No Cars Go” på første lyttinga. Eg kan hugse at eg måtte høyre ein gong til. Sidan den dagen, tidleg i mars har eg elska dette albumet.
The Shins – Wincing the night away
Det kom mykje bra musikk heilt i starten av året. Wincing the night away er ein av mine absolutte favorittar. Ei sterk cd-plate, som kjapt vart spelt med veldig høg frekvens på iPoden min, enten eg var i London, på vorspiel hjå Rune i Førde eller på Isle of Wight.
Magnet – The Simple Life
Eit av dei beste norske albuma i 2007. Nok ei sterk plate frå Even Johansen. Favorittlåt: “Slice of heaven”.
The Wombats – A Guide to Love, Loss & Desperation
Sånn nesten på tampen av året sneik to britar og Tord frå Elverum seg inn i øyret mitt, med eit album fylt til randen av god stemning. Det stinkar britisk pop av dennne plata, men det er berre positivt, i alle fall i mine øyre! Hurra!
Modest Mouse – We Were Dead Before The Ship Even Sank
Hurra for årets beste platetittel? Eg trur det. Ein musikkfest av voldsom energi og knallåtar. Eg hugsar framleis kor bergteken eg vart, delvis på første gjennomlytting, heilt på andre.
Superfamily – Warszawa
Førstealbumet Back in Paris var kjempebra. Eg hadde verkeleg ikkje anelse om kor mykje betre det andre albumet til superfamilien frå Moss skulle vere. Dette er norsk populærmusikk av internasjonal kvalitet. I love it!
Arctic Monkeys – Your Favourite Worst Nightmare
Akkurat som mine forventingar. Mine skyhøge forventingar.
Radiohead – In Rainbows
Bak dette voldsomme nedlastingskaoset som har råda, skjular det seg faktisk eit heilt nydeleg album. Eg betalte då eg lasta det ned, og albumet var så bra, at det jaggu var verdt å betale for òg i fysisk form.
Jamie T – Panic Prevention
Eg høyrde singelen “Sheila” på radio, og kjøpte albumet på impuls. Eg angrar slett ikkje på det, for “Panic Prevention” er noko av det kulaste frå the UK i 2007. Jamie T er som The Streets, berre meir spennande. For meg i alle fall.
Bloc Party – A Weekend In The City
East-London is a vampire! Hurra for den første, store musikkopplevinga i 2007, som berre tok tak i meg og heldt meg hardt fast frå februar til langt ut på sommaren. Hurra for eit andrealbum som var great success. Hurra for Bloc Party! Hurra for England! Trettito gonger hurra for “A Weekend in the City”!
Beirut – The Flying Club Cup
Eg oppdaga dette albumet lovleg seint på året, men eg fekk elska det ein heil del på veldig kort tid!
Kaiser Chiefs – Yours Truly, Angry Mob
Ei cd-plate med så mykje god, britisk poprock! Eit av mine mest høgfrekvente soundtrack til ein dag på skulen i London.
Andre album eg har digga i 2007:
Shout Out Louds – Our Ill Wills
Okkervil River – The Stage Names
Monzano – High Horses & One Trick Ponies
Band of Horses – Cease to Begin
Mark Ronson – Version
Heroes & Zeros – Strange Constellations
Apples in Stereo – New Magnetic Wonder
Susanne Sundfør – Susanne Sundfør
Årets beste songar 2007:
01: Modest Mouse – Dashboard
02: Jamie T – Sheila
03: The Shins – Phantom Limb
04: Bloc Party – Waiting for the 7:18
05: The Arcade Fire – No Cars Go
06: The Mary Onettes – Lost
07: Beirut – Nantes
08: Bloc Party – Flux
09: Arctic Monkeys – Do Me A Favour
10: The Wombats – Let’s Dance to Joy Division
11: Ghosts – Stay The Night
12: Okkervil River – Our Life is Not a Movie or Maybe
13: The Arcade Fire – The Well and The Lighthouse
14: Kaiser Chiefs – Ruby
15: Shout Out Louds – Tonight I Have to Leave It
16: The Moving Oos – Romancer
17: Band of Horses – Is There A Ghost
18: Feist – 1234
19: Dylan Mondegreen – Wishing Well
20: The Shins – Turn On Me
Lyd: Katzenjammer - A Bar In Amsterdam
Min favoritt av årets Urørt-finalistar!
Skrive av Ronny, 13.01.2008, 23:12
Innlegget omhandlar i hovudsak: 2007, best-of, musikk, oppsummering
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
4 kommentarar til “Musikken eg elska i 2007”
|
|
Amund Lindqvist,
17.01.2008, 12:17 Aah, mye god musikk her, Ronny! :D |
|
|
Ronny inn Halden,
19.01.2008, 13:06 To tanker slår meg med dette innlegget. |
|
|
Fetter Håvard,
20.01.2008, 17:15 Så lik musikksmak vi plutseleg har! Mensch! Om nokon hadde sagt det om oss for fire-fem år sidan, hadde eg kalt vedkommande ein jevvla døgenikt. Du burde ta ein titt på Hiawata!, forresten, sympatisk jingeljangelskranglepop frå fremadstormande, velkledde hovudstadsmenn. Skal du på bylarm? |
|
|
Ronny,
20.01.2008, 22:52 Amumd: Sjekk ut alt saman! Det er bra greier, trust me. |

Ferske meiningar: