Long time, no blog

Det at bloggen har stått stille betyr slett ikkje at det ikkje skjer noko.

Det er ein grunn til at alle pratar om vêret. Det har jo eindel å gjere med kvardagen vår. Her i Trondheim er vergudane skumle, onde menn med eit voldsomt markeringsbehov. Det regnar, og så blir det kaldt, og så frys det på, og alt vert såpeglatt, og så snør det oppå isen, men så neste morgon regnar det igjen, og så er det berre sørpe overalt, og når det endeeleg lettar, kjem vinden og tek tak i meg. Dreg meg nesten overende på isrestane. Det er liksom enten eller, og slik går dagane her oppe.

Førre helg var eg nedom Østfold ein tur. Trass det faktum at eg har byrja mislike sterkt å fly, booka eg meg inn på eit Norwegian-fly med Oslo som destinasjon. Eg trur eg har funne ut korleis eg best kontrollerar flyskrekken min. Eg må lese bok på flyet. Eg har prøvd det to gonger, og det har fungert utmerka. På fredag tok eg med meg boka Beatles av Lars Saabye Christensen frå den bittelille bokhandelen på flyplassen. Og for ei fantastisk leseoppleving det var. Eg skjemst over å ikkje før no ha lest den boka, sjølv om den er to år eldre enn meg.

Eg har òg lese Håvard Melnæs si “En helt vanlig dag på jobben”, om tida hans i Se & Hør.

Eg anbefalar begge, men dersom du må velgje, set eg pengane mine på Beatles. Fantastisk, var den. Herlege skildringar av ein verklegheit som er så frykteleg langt i frå den eg har opplevd, men som på same tid er så nære.

Østfold var bra. Det var kjekt å møte alle folka som eg saknar å henge med. Det går nesten ikkje ein dag utan at eg tenkjer tilbake på halvåret i London, eller gode kveldar på Samfundet i Halden.
Men det var kjipt å finne ut at Samfundet har gått konk, og at utelivet i Halden sånn ellers, framleis er eit stykke avføring.

Men så var det folka då. Alle dei eg har gått i klasse med, som framleis held til der nede. Nede i aust, kor snøen aldri legg seg som ei stor, stygg pelskåpe over bakken. Dei kan få den kjipaste plass til å bli eit gigantisk boblebad av glede.

Men sjølv om vêret her oppe i Trøndelag prøvar desperat å gjere meg sur og bitter, trivst eg. Jobben blir betre og betre. Eg trivst, og kosar meg. Eg kjenner at det er dette eg vil drive med. Radio er så flott. Så kjekt!

Eg har byrja trene.
Det hadde du ikkje trudd. Du trur det nok heller ikkje no, berre fordi eg skriv det her, men det er sant. På torsdag hadde eg personleg veiledningstime på SATS. Ein hyggjeleg fyr tok meg med på ei runde, sette opp eit program, og fortalde kvifor eg skulle gjere sånn og sånn. Og så prata vi litt. Og han meinte at eg skulle få opp aktiviteten sånn utanom trening òg. Kanskje eg for eksempel skulle byrje gå til jobb? Ja, svarte eg. Det var ein god idè. Det skulle eg gjere, sa eg. Vart gira. Eg lot vere å fortelje han at eg bur fire minutt å gå frå jobben. Eg følte det ville setje ein dempar på stemninga.

Så no skal eg gå sakte men sikkert ned i størrelse, på same tid som eg sørgar for at det som forsvinn ikkje er musklar. Blir bra, trur eg.

Eg skal til New York i april. Saman med Torfinn og Stian som eg jobbar med i P3Natt og P3Helg. Det blir så kjekt! Eg gler meg som ein unge. New York er riktignok sånn 7-8 timar unna med fly då. Men det vil jo vere eit godt tidspunkt å byrje lese oppfølgjaren til Beatles på. Dersom den er like bra, kjem det heile til å gå knirkefritt. Men eg må nok berre inrømme at eg har fått flyskrekk. Eg las i Q i går, at superprodusent Mark Ronson hadde vore i eit fly 11. september 2001, som skulle ta av frå JFK, New York, men som akkurat ikkje fekk ta av på grunn av terroren. Det viste seg at der var fire personar ombord på flyet til Ronson, som hadde skumle planar. Då eg las det, kjente eg at det knaut seg i magen. Tenk om slikt skjer meg, på veg over the pond.

Det går nok greitt.
Jada, det går nok…
Eg blir eigentleg aldri engsteleg for å fly, før eg sit i flyet, og vi skal ta av. Det er å ta av eg hatar. Når vi skal lette frå bakken. Eg tykkjer det er skikkeleg ubehageleg. Landing er null stress. Eg likar å lande. Det er nesten litt digg.

Men Trondheim er fint, jobben er digg. Eg rrivst, og håpar dretvêret her oppe ikkje klarar å knekke meg. Førebels går det bra. Har fått paraply av mamma og greier.

Lyd: MGMT - Electric Feel
Eg har fått skikkeleg sansen for denne duoen frå Brooklyn. Dei lagar tøff elektrisk musikk, og seier dei ikkje vil vere indieband. Dei vil tene pengar, bli rike, kjøpe seg store slott, og så vil dei ha modellkoner. Og det er heilt greitt for meg.

Skrive av Ronny, 23.02.2008, 13:41
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

4 kommentarar til “Long time, no blog”

Marita, 23.02.2008, 15:26

So kjekt å lese om alt du driv med Ronny :):) Og ta masse bilete i New York! Gler meg te å sjå allerede.

ivar, 23.02.2008, 15:44

Oppfølgeren til beatles er ikke i nærheten like bra! Bare så det er sagt :)

Sandra, 23.02.2008, 17:53

ronny mr muscle man 2008:D hoho moro å høre om hva du driver med oppi der;) <3

Espen Christensen, 02.03.2008, 18:40

Morro med en oppdatering, og veldig morsomt at du tok deg turen ned til Halden, god stemning!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: