Elektrokaos!

Eg har tydlegvis brent gitarane, og henta det gamle casiokeyboardet nedatt frå loftet.

Eg oppdaga plutseleg at eg høyrer på mykje elektronisk musikk for tida. Her er nokre favorittar:

MGMT

Brooklynkarane i MGMT har sneke albumet “Oracular Spectacular” inn i platesamlinga mi sånn heilt i starten av året. Dette er riktignok ei blanding av veldig mykje rart, men dei umiddelbare hitsa frå albumet er i alle fall elektronisk orienterte.

MGMT – Time to pretend (youtube)

MGMT – Electric Feel:

MGMT – Kids (ein video som tydlegvis er laga av ein ivrig fan… Men låta er svinbra då)

Lykke Li

Lykke Li er ei svensk dame som har fått mykje blest her til lands i det siste. Fult fortent, that is. Eg klarte jo det kunststykket å stikke ut av lokalet for å kjøpe øl då ho varma opp for Shout Out Louds her på samfundet i Trondheim. Ei skandale, eg angrar bittert.

Lykke Li – Little Bit

Lykke Li – I’m Good, I’m Gone (akustisk med Robyn og greier og greier)

Familjen

Sjølv om han kallar seg Familjen, er Familjen eigentleg berre ein svensk kar som heiter Johan. Han har laga eit kult album som heiter “Det Snurrar I Min Skalle”. Tittelsporet er grisefett:

The Ting Tings

Fancy navn frå denne britiske duoen. Eg har ikkje fått tid til å bli nærare kjend med musikken deira endå, men låta Great DJ, som vi spelar på P3 er eit godt stykke musikk altså!

The Ting Tings – Great DJ (YouTube)

The National Bank

Nytt album frå desse karane, og eg har hengt meg opp i nydelege “Make It Burn”. Og spesielt kult er det når Lydverket tar med seg The National Bank på treningsstudio, og let dei framføre den der:

Lyd: Familjen - Det Snurrar I Min Skalle
Utruleg tøft og dansbart frå Sverige.

Skrive av Ronny, 10.03.2008, 23:53
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

2 kommentarar til “Elektrokaos!”

Henrik, 11.03.2008, 11:41

Har du loft?

Ronny-André Bendiksen, 12.03.2008, 23:13

Åh, elsker lyden, fargen og vignetten på videoen med The National Bank!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: